Tsodilo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsodilo er ein verdsarvstad i Kalahariørkenen, i Ngamiland nordvest i Botswana. Han omfatter fleire tusen bergmåleri og spor etter menneske og menneskeåtferd frå 100 000 år sidan og fram til våre dagar.
Tsodiolo-området er rundt 10 km² stort og omfattar over 4 500 måleri. Området blei teke med i UNESCO-verdsarva i 2001.
Åsane er heilage for sanfolk som bur i området, som har mange soger knytte til det. Mytene deira fortel at dei blei skapt av ein pytonslange, som også lagde spor i Tsodilo-landskapet. I 2006 fann Sheila Coulson frå Universitetet i Oslo dei eldste kjende spora etter menneskelege ritual i ei åshóle — ein utskoren pytonslange som ho meiner reiskapar har vore ofra til for 70 000 år sidan.
Kjelder [endre]
- Tsodilo, UNESCO World Heritage Centre, http://whc.unesco.org/en/list/1021
- «Verdens eldste rituelle handling: Tilba pytonslangen for 70 000 år siden», Apollon, 2006, 30.11.2006, http://www.apollon.uio.no/vis/art/2006_4/Artikler/pytonslangen
- Robert Roy Britt (2006), «Startling Discovery: The First Human Ritual», LiveScience, 30 November 2006, http://www.livescience.com/history/061130_oldest_ritual.html