Kalahari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalahari-ørkenen (det raude feltet) og Kalahari-området(oransje).

Kalahari er eit stort ørken- og savanneplatå sør i Afrika. Kalahari-området dekker rundt 900 000 km², og det omfattar store delar av Botswana og delar av Namibia og Sør-Afrika.

Frå Kalahari i Namibia.
Foto: Elmar Thiel

Kalahari har lite nedbør, rundt 76–190 mm i året. Nokre delar kan likevel få over 250 millimeter. Einaste elva som renn inn i området er Okavango, som dannar eit innlandsdelta her. Medan store delar av Kalahari er ekte ørken hovudsakleg dekt av raud sand, er andre delar rike på plante- og dyreliv. Fleire delar er verna, som Central Kalahari Game Reserve, Khutse Game Reserve og Kgalagadi Transfrontier Park.

Sanfolk har levd i Kalahari i over 20 000 år og livnært seg gjennom jakt og sanking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kalahari
Spire Denne geografiartikkelen som har med Botswana og Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.