Tvilling
Tvillingar er to søsken som har blitt til av same svangerskap og har vore saman i livmora.
Vi skil mellom einegga og toegga tvillingar. Einegga tvillingar oppstår når eit befrukta egg deler seg i to, og blir til to individ. Desse kan dele morkake og fostersekk, eller ha kvar sin, alt etter når i svangerskapet delinga fann stad. Er delinga svært sein, kan siamesiske tvillingar bli til. Derfor er siamesiske tvillingar alltid likekjønna. Eit befrukta egg har berre eit genmateriale. Einegga tvillingar er genetisk like.
Toegga tvillingar har kvar sin fostersekk, og kvar si morkake. Dei er resultatet av at to egg blir befrukta. Dei er genetisk ikkje likare enn vanlege syskjen.
Ulike artar har ulik frekvens av fleirfødslar. Somme artar får sterilt avkom dersom tvillingane er ulikt kjønna. Dette gjeld mellom anna ku. For dei fleste artar er dette ikkje eit problem.