Twilight Zone av Golden Earring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twilight Zone av Golden Earring
Singel av Golden Earring
frå albumet Cut
B-side

King Dark

Utgjeve November 1982 (USA)
10. juli 1982 (internasjonalt)
Innspelt 1982
Sjanger Rock, new wave, hardrock
Lengd 7:58 (album)
4:49 (singel)
Selskap 21/Polygram
Låtskrivar(ar) George Kooymans
Produsent Schell Schellekens

«Twilight Zone» er ein song frå 1982 av det nederlandske bandet Golden Earring. Han vart skriven av gitaristen i bandet, George Kooymans, som vart inspirert etter å ha lese ei bok av Robert Ludlum, The Bourne Identity. «Twilight Zone» kom ut i 1982 på albumet deira Cut og hyllar fjernsynsserien frå 60-talet The Twilight Zone. Han låg meir enn eit halvt år (27 veker) inne på den amerikanske poplista og vart den einaste songen deira som nådde topp 10 på den amerikanske Billboard Hot 100 (songen nådde 16. plassen på Cashbox-lista) og gjekk til topps på Billboard Top Album Tracks, den einaste førsteplassen deira i Amerika.[1]

Dei talte linjene i starten av songen og korvokalen på refrenget vert utført av Barry Hay. Hay syng òg solo på andre halvdel av versa. Kooymans syng solo på førte halvdel av versa og refrenget.

Musikkvideoen vart regissert av Dick Maas og syner songaren Barry Hay som spion.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" single
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Twilight Zone» (videoutgåve)4:49
Side B
Nr.TittelLengd
1.«King Dark»3:35
12"-singel
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Twilight Zone» (albumversjon)7:58
Side B
Nr.TittelLengd
1.«King Dark»3:35

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982–83) Plassering
Belgia 5
Canada RPM Top Singles 12
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[2] 1
Nederland (Single Top 100)[3] 2
US Billboard Hot 100[4] 10
US Billboard Mainstream Rock[4] 1
US Cash Box Top 100[5] 16

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
Canada[6] 93
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[7] 13
Nederland (Single Top 100)[3] 20
U.S. Billboard Hot 100[8] 19

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

William Shatner spelte inn songen i 2011 på albumet hans, Seeking Major Tom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]