Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock
Stilmessig opphav: R&B
Swing-jazz
Blues
Kulturelt opphav: Seint i 1940-åra i Cleveland, Detroit, New York City og Philadelphia i USA
Typiske instrument: Elektrisk gitar, bassgitar, trommer, tangentinstrument
Populær periode: Ein av dei mestseljande musikkformene sidan 1950-åra
Avleidde former: Alternativ rock - Heavy metal - Post-rock - Pønkrock
Undersjangrar
Kunstrock - Kristen rock - Klassisk rock - Detroit rock - Emo - Eksperimentell rock - Garage rock - Jentegrupper - Glamrock - Grunge - Hardrock - Heartland rock - Instrumentalrock -Indierock - Jam band - Jangle pop - Krautrock - Powerpop - Protopunk - Psykedelia - Pubrock - Softrock - Southern rock - Surfemusikk - Symfonisk rock
Blandingssjangrar
Aboriginrock - Afrorock - Tyrkisk rock - Bluesrock - Boogaloo - Countryrock - Flamencorock - Folkrock - Indorock - Pønkrock - Jazzrock - Madchester - Merseybeat - Progressiv rock - Puntarock - Ragarock - Raïrock - Rockabilly - Rockoson - Sambarock - Spacerock - Stonerrock
Andre emne
Etterslag - Rockeopera - Rockeband - Hall of Fame

Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll. Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vore spela av ei oppsetting med trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire forsangarar. Det har likevel vore bruka nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk.

Ordet rock heng ordsogeleg saman med det norske gjerningsordet å rugga.

Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, country og andre musikkstiler. I følgje Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi. Tidleg rock ’n’ roll var inspirert av fleire musikkstiler, hovudsakleg blues, R&B, og country, men òg gospel, tradisjonell pop, jazz og folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengande og mogeleg å danse til»[1]

Seint i 1960-åra vart rock blanda med folk til folkrock, med blues til bluesrock, med jazz til jazz-fusion og rock utan tempoangjeving vart psykedelisk rock. I 1970-åra vart rock vidare utvikla til stilartar som softrock, glamrock, heavy metal, hardrock, progressiv rock og pønkrock. På 1980-talet dukka undersjangrar som New Wave, hardcore punk og alternativ rock opp, medan ein i 1990-åra fekk undersjangrar som grunge, britpop, indierock og nu metal.

Eit band som spelar rock vert kalla eit rockeband eller ei rockegruppe. Mange rockeband består av ein gitarist, vokalist, bassgitarist og ein trommeslagar som i lag dannar ein kvartett. Stundom vert enkelte av desse rollene slått saman slik at vokalisten òg spelar eit instrument, slik at bandet vert ein trio eller ein duo. I tillegg har mange band fleire musikarar som ein eller to rytmegitaristar og ein pianist/organist. Stundom kan ein òg sjå andre instrument som fiolin eller cello og blåseinstrument som saksofon, trompet eller trombone.

1950-åra og tidleg i 1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Rock ’n’ roll[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå rock ’n’ roll.

Rock ’n’ roll utvikla seg i USA seint på 1940-talet og tidleg i 1950-åra og spreidde seg raskt til resten av verda. Opphavet var ei blanding av forskjellige musikkformer på denne tida som rhythm and blues, gospel og country and western. I 1951 spelte DJen Alan Freed frå Cleveland i Ohio rhythm and blues-musikk for både kvit og afroamerikansk ungdom og har fått æra for å vere den første som nytta uttrykket «rock ’n’ roll» til å skildre musikken.

Det er omdiskutert kva som vert rekna som den første rock ’n’ roll-låten. Kanskje var det «Rocket 88» av Jackie Brenston and his Delta Cats (som eigentleg var Ike Turner og bandet hans The Kings of Rhythm), spelt inn av Sam Phillips for Sun Records i 1951. Fire år seinare vart Bill Haley sin «Rock Around the Clock» (1955) den første rock ’n’ roll-songen som toppa den amerikanske salslista og opna dørene for den nye musikkstilen verda over. Musikkmagasinet Rolling Stone hevda i 2004 at «That's All Right (Mama)» (1954), den første singelen som Elvis Presley spelte inn for Sun Records i Memphis, var den første rock ’n’ roll-plata[2]. Men samstundes låg alt Big Joe Turner «Shake, Rattle & Roll», som seinare vart spelt av Haley, på toppen av Billboard si R&B-liste. Andre artistar som hadde tidlege rock ’n’ roll-hittar var Chuck Berry, Bo Diddley, Fats Domino, Little Richard, Jerry Lee Lewis and Gene Vincent.

I 1950-åra vart den elektriske gitaren meir populær og det vart utvikla nye særeigne rock ’n’ roll-stilar av artistar som Chuck Berry, Link Wray og Scotty Moore. Det vart òg utvikla nye innspelingsteknikkar, som fleirsporsinnspeling utvikla av Les Paul, og elektronisk handsaming av lyd av innovatørar som Joe Meek. Alt dette var med på utviklinga som skulle føre til rock.

Den samfunnsmessige innverknaden rock ’n’ roll hadde var verdsomspennande og massiv. Rock ’n’ roll dreidde seg om langt meir enn musikkstil, og påverka livsstil, mote, haldningar og språk. I tillegg kan rock ’n’ roll ha hjelpt borgarrettsrørsler sidan både afroamerikanske og kvite amerikanske tenåringar kom saman for å lytte til den nye musikken. Tidleg i 1960-åra hadde deriomt mykje av den opphavlege musikalske drivkrafta og den samfunnsmessige innverknaden rock ’n’ roll hadde i starten forsvunne, og det vart lagt meir vekt på tenåringsidol, dansing og utvikling av lett tenåringspop.

Tidleg britisk rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå britisk rock.

I Storbritannia byrja tradisjonelle jazzrørsler å invitere bluesmusikarar til landet. Lonnie Donegan sin «Rock Island Line» hadde stor innverknad på utviklinga av rock ’n’ roll i landet og det oppstod mange skiffle-grupper i heile landet, inkludert bandet til John Lennon, the Quarry Men. Storbritannia utvikla seg til eit stort senter for rock ’n’ roll utan raseskiljelinjene som heldt «rase-plater» eller rhythm and blues fråskild i USA.

Cliff Richard hadde den første britiske rock ’n’ roll-hitten med «Move It» og sette effektivt lydbilete i britisk rock på plass. På starten av 1960-åra gjorde bandet hans The Shadows stor suksess med instrumental surfemusikk, og medan rock ’n’ roll gradvis glei over i lett pop og sentimentale balladar, spelte britiske rockeband på lokale klubbar, kraftig påverka av bluesrockpionerar som Alexis Korner. Desse banda starta å spele med ein intensitet og driv som ein sjeldan fann hos dei amerikanske gruppene på denne tida.

The Who speler i 2007
(til venstre Roger Daltrey, til høgre Pete Townshend), med Zak Starkey (trommer) og John «Rabbit» Bundrick (tangentinstrument)

Mot slutten av 1962 hadde den britiske rockerørsla starta med grupper som the Beatles, som var påverka av amerikanske musikkstilar som soul, rhythm and blues og surfemusikk. I starten gjorde dei sine eigne tolkingar av amerikanske standardsongar. Etter kvart blanda dei inn sine eigne originale songar med stadig meir avanserte musikalske idear og eit særeige lydbilete.

I midten av 1962 starta The Rolling Stones og var ei av fleire grupper som viste aukande påverknad frå blues, i lag med band som The Animals og The Yardbirds. Seint i 1964 representerte The Kinks, The Who og The Pretty Things den nye Mod-stilen. Mot slutten av tiåret byrja britiske rockegrupper å utforske psykedelisk musikk med referansar til narkotika.

Garagerock i 1960-åra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå garagerock.

Den britiske invasjonen førte til ei bølgje av etterlikningar som spelte for eit lokalt publikum og som lagde billige innspelingar. Denne rørsla har seinare vorte kalla garagerock. Ein del av desse inspeilingane er i dag å finne på samleplater. Av dei meir kjende gruppene frå denne sjangeren finn ein The Sonics, Question Mark & the Mysterians og The Standells.

Surfemusikk i 1960-åra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå surfemusikk.

Rockabilly påverka ein vill, hovudsakleg instrumental, stil kalla surfemusikk. Surfekulturen sjølv såg ikkje på seg sjølv som ein del av rocke-rørsla, men som ein konkurrerande ungdomskultur til rock 'n' roll. Denne stilen bestod av eit raskare tempo, innovativ perkusjon og elektriske gitarar med mykje klang og ekko. Av artistar innan denne sjangeren finn ein Dick Dale og The Surfaris i USA og i Storbritannia The Shadows. Andre vestkystband, som The Beach Boys og Jan and Dean lagde surfemusikk med lågare tempo og la til fyldige harmonivokalar. Denne stilen vart kjend som «the California Sound».

Rock som motkulturrørsle (1963–1974)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå motkultur.

Seint i 1950-åra vart den amerikanske motkulturen kalla beatnik assosisert med antikrigsrørsler som var mot atombomber, som CND i Storbritannia. Begge var assosiert med jazz-rørsla og den stadig veksande folkevise-rørsla.

Folkrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bob Dylan og folkrock.

Folkemusikkrørsla bestod av personar som særleg likte akustiske instrument, tradisjonelle songar og blues med samfunnsrelaterte tekstar. Den store pioneren for folkevise-sjangeren var Woody Guthrie. Bob Dylan vart seinare ein frontfigur for rørsla og hittane hans som «Blowin' in the Wind» og «Masters of War» førte «protestsongane» til eit breiare publikum.

The Byrds spelte Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» og dette vert rekna som starten på folkrock som musikksjanger. Dette medverka òg til utviklinga av psykedelisk rock. Dylan tok det vidare og songen «Like a Rolling Stone» vart ein stor hit i USA. Neil Young sine innovative tekstar og skrikande elektrisk gitar danna ein annan variant av folkrock. Andre folkrockaritstar er Simon & Garfunkel, Joan Baez, The Mamas & the Papas, Joni Mitchell, Bobby Darin og The Band.

I Storbritannia starta Fairport Convention å nytte rocketeknikkar på tradisjonell britisk folkemusikk og andre grupper som Steeleye Span, Lindisfarne, Pentangle og Trees følgde etter. Alan Stivell i Bretagne gjorde mykje av det same her.

Psykedelisk rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå psykedelisk rock.

Psykedelisk musikk starta ut frå folkemusikkrørsla og Holy Modal Rounders populariserte uttrykket i 1964. Med bakgrunn i folk- og jugbandmusikk vart band som the Grateful Dead og Big Brother & the Holding Company to store band innan sjangeren i USA.

The Fillmore var ein fast konsertstad for andre tidlegare jugband som Country Joe and the Fish og Jefferson Airplane. Andre stader hadde The Byrds ein hit med «Eight Miles High». 13th Floor Elevators gav ut albumet The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators. Musikken vart i aukande grad assosisert med motstand mot Vietnamkrigen.

I England starta Pink Floyd utviklinga av den psykedeliske rockerørsla i 1965. I 1966 hadde bandet Soft Machine oppstått. Donovan hadde ein folkemusikk-påverka hit med «Sunshine Superman», ein av dei tidlegare psykedeliske popsongane. I august 1966 gav The Beatles ut albuma Revolver som inneheldt den psykedeliske «Tomorrow Never Knows», og «Yellow Submarine». The Beach Boys svarte med å gje ut Pet Sounds i USA. Med bakgrunn i bluesrock debuterte den britiske supergruppa Cream i desember same året og Jimi Hendrix vart populær i Storbritannia før han reiste tilbake til USA.

1967 var året då den psykedeliske rørsla verkeleg tok av. Mange banebrytande album kom ut dette året, som det første albumet til The Doors og Jefferson Airplane sitt populære Surrealistic Pillow. The Beatles gav ut det banebrytande albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i juni og mot slutten av året kom Pink Floyd med The Piper at the Gates of Dawn, Cream med Disraeli Gears og sjølv The Rolling Stones med Their Satanic Majesties Request. Summer of Love nådde toppen med Monterey Pop Festival med band som Jefferson Airplane og Janis Joplin og Jimi Hendrix vart introdusert for eit større publikum.

Rock 'n' Roll som ei samlande samfunnsrørsle nådde eit toppunkt med dei store rockefestivalane på slutten av 1960-åra. Den mest kjende av desse var Woodstock i 1969 som starta som ein tre dagar lang kunst- og musikkfestival og enda som ein «happening» med mange hundretusen ungdomar til stades. Seint på 1960-talet blanda Led Zeppelin psykedelia i lag med tradisjonelle bluessongar.

Psykedelisk rock fekk eit lite oppsving på midten av 1980-talet med band som Echo and the Bunnymen og R.E.M., som nytta idear frå band som The Doors og The Byrds i den blømande postpunk-rørsla. I tillegg nytta band frå Los Angeles, ei rørsle kalla Paisley Underground, psykedelia og folkrock frå 60-talet i amerikansk New Wave.

Glamrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå glamrock.

Glamrock oppstod frå den engelske psykedelia- og kunstrock-rørsla seint på 1960-talet med artistar som T. Rex, Roxy Music, Steve Harley and Cockney Rebel og David Bowie. Desse hadde òg opphav i teatralske grupper som The Cockettes, kunstnarar som Lindsay Kemp og artistar som Syd Barrett frå Pink Floyd (David Bowie spelte mellom anna «See Emily Play») og Eddie Cochran (T. Rex spelte mellom anna «Summertime Blues»). Opphavet til glamrock vert ofte rekna til då frontmann og songar i Tyrannosaurus Rex - eit band produsert av Tony Visconti og hylla av John Peel - endra bandnamnet til T. Rex og gav ut singelen «Ride a White Swan» i desember 1970. Singelen gjekk til topps i Storbritannia og gjorde glamrocken og bandet populært. Andre artistar som Slade og Roxy Music følgde raskt etter og etter kvart Ziggy Stardust-personen til David Bowie. I USA kasta artistar som Lou Reed, Iggy Pop, New York Dolls, Jobriath og Alice Cooper seg på glamrockbølgja.

Det var derimot i Storbritannia at glamrock vart eit kulturfenomen og stjernene her var av dei største stjernene innan popkulturen frå 1971 til om 1974. Glamstilen var i seg sjølv ei nostalgisk blanding av forskjellige stilartar, både visuell kunst og musikk, frå Hollywoodglamor i 1930-åra, erotisk pin-up og tenåringsopprøret i samband med rock 'n' roll i 1950-åra, førkrigs kabaretteater, viktoriansk litteratur og symbolisme, til gammal og okkult mystisisme og mytologi (som Bowie sine referansar til Aleister Crowley til «Starman» i songen med same namn og T. Rex sin «Cosmic Dancer»). Glamrock er kanskje mest kjend for den seksuelle og kjønnslege fleirtydigheita og androgyniteten, samt bruken av teatralske verkemiddel.

Utover i glamrock-perioden tok mange tyggegummiartistar som Elton John, Slade, Gary Glitter og Alvin Stardust opp ein råare og meir seksuell glamstil. Andre tidlegare kjende artistar som The Rolling Stones og Lou Reed kasta seg på glamrockbølgja og spelte inn fleire av sine mest kjende songar (som Reed sin einaste hitsingel, «Walk On the Wild Side»). Glamrocken vart ikkje like populær i Amerika, der dei store massane hadde problem med å forstå den hybride og kunstneriske stilen som konkurrerte med mindre krevjande artistar som Led Zeppelin og Tony Orlando (på kvar sin ende av skalaen), og artistar som T. Rex og Roxy Music fekk berre ein brøkdel av suksessen dei hadde i Storbritannia.

Glamrock påverka derimot mange andre sjangrar som pønk, new wave, goth, jangle pop, college rock og grunge, og artistar så forskjellige som Siouxsie Sioux, Steve Kilbey, Johnny Rotten, Billy Corgan, Peter Murphy (bandet hans Bauhaus spelte T. Rex sin «Telegram Sam» og Bowie sin «Ziggy Stardust») og Adam Ant nemnde glamartistar som sine viktigaste påverknader. Glam har i ettertid hatt moderat suksess med band som Chainsaw Kittens og Louis XIV.

Progressiv rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå progressiv rock.

Progressive rockeband gjekk bort frå dei etablerte og vanlege normene for korleis rock skulle høyrast ut og eksperimenterte med forskjellige instrument, songtypar og musikalske former. Enkelte band som Eric Burdon & The Animals, Pink Floyd, The Moody Blues, Procol Harum, The Who og Deep Purple eksperimenterte med nye instrument, som blåseinstrument, strykarar og fulle orkester. Mange av desse banda lagde songar som flytta seg langt frå dei tre minutt lange rockesongane til lengre, stadig meir sofistikerte songar og strukturar. Bandet og albumet som definerte sjangeren var britiske King Crimson med In the Court of the Crimson King frå 1969. Progressive rockeband lånte musikalske idear frå klassisk musikk, jazz, elektronisk og eksperimentell musikk. Progressive rockesongar kunne variere frå svulstige, vakre songar til atonale, disharmoniske og kompliserte songar. Få av dei klarte å oppnå stor suksess, men mange hadde ein stor tilhengjarskare som følgde seg. Pink Floyd, Yes, Marillion, Rush, Jethro Tull, Genesis og eit par andre var av få band innan sjangeren som klarte å skape hitsinglar og nå ut til dei store massane.

For meir om dette emnet, sjå krautrock.

Seint i 1960-åra byrja det tyske publikummet å lytte til progressive rockeband frå Storbritannia og USA. I denne perioden spelte avantgardmusikarar i Tyskland elektonisk klassisk musikk. Desse tyske avantgardmusikarane tilpassa dei elektriske instrumenta sine og danna ein musikkstil som var ei blanding av psykedelisk og progressive rock. Tidleg i 1970-åra blanda tyske progressiv rock (seinare kalla krautrock) jazz (Can) og asiatisk musikk (Popol Vuh). Musikken frå band som Kraftwerk påverka etter kvart utviklinga av techno og andre tilknytte sjangrar.

For meir om dette emnet, sjå italiensk rock.

I Italia var òg progressiv rock populært i 1970-åra. Av italienske progrockband finn ein Premiata Forneria Marconi, Le Orme, Banco del Mutuo Soccorso og Area International Popular Group.

For meir om dette emnet, sjå norsk rock.

Noreg hadde òg eit progressivt rockemiljø som starta i 1971 med albumet Friendship av Junipher Greene. Andre progressive band var Folque som blanda rock med norsk folkemusikk, og band som Ruphus, Aunt Mary, Popol Vuh, Prudence og Høst.

For meir om dette emnet, sjå russisk rock.

Rocken kom først til Russland på 1970- og 1980-åra, hovudsakleg som progressiv rock. I Sovjetunionen var det offisielt forbod mot rock, sidan han kom frå Vesten, så det var ingen rockeband som gav ut offisielle album. Det var derimot mange undergrunnsband som heldt konsertar i leiligheter, «kvartirniks». Populære band som Akvarium og Kino var pionerar innan russisk rock. Dei nytta ofte fløyte, klarinett, cello, fiolin, saksofon og andre instrument som ikkje var så ofte å høyre i progressiv rock. I 1986 vart albumet Red Wave gjeve ut i USA med dei fire populære russiske rockebanda Kino, Akvarium, Alisa og Strange Games.

For meir om dette emnet, sjå tyrkisk rock.

I Tyrkia byrja progressiv rock med Barış Manço på midten av 1970-talet. Det symfonisk-progressive rockealbumet hans 2023, frå 1975, er eit av dei viktigaste musikkalbuma i Tyrkia. Han medverka òg til andre sjangrar i landet og vart ei stor rockestjerne.

Softrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Softrock.

Rockemusikk hadde ein kortvarig «tyggegummipop»-periode med band som The Partridge Family, The Cowsills, The Osmonds og The Archies. Andre band eller artistar la til meir instrumentering og danna ein populær sjanger kalla softrock. Av artistar innan denne sjangeren finn ein Barry Manilow, Neil Diamond, Olivia Newton-John, Elton John, Billy Joel, Gerry Rafferty og Eric Carmen og band som Bread, The Carpenters, Electric Light Orchestra, Fleetwood Mac, The Eagles, England Dan & John Ford Coley, Chicago og Tina Turner.

Andre halvdel av 1970-talet[endre | endre wikiteksten]

Hardrock og heavy metal[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå hardrock.
Judas Priest på Sweden Rock Festival i juni 2008.
Iron Maiden i november 2006.

Ei ny bølgje med britiske og amerikanske rockeband vart populære tidleg på 1970-talet. Band som Grand Funk Railroad, The Rolling Stones, Led Zeppelin, Deep Purple, Queen, Alice Cooper, Iron Maiden, Judas Priest, Status Quo, Aerosmith, Black Sabbath, The Who og Uriah Heep spelte forsterka, gitarbasert hardrock. Hardrock vart ein karikatur av seg sjølv seint på 1970-talet der mange av artistar gav ut album som var nærare progressiv rock eller disco. Eit par band som Kiss, Black Sabbath, Queen, AC/DC, Led Zeppelin, Aerosmith og Rush klarte å oppretthalde ein stor tilhengjarskare og stundom klarte enkelte songar å nå toppen av listene, som Blue Öyster Cult sin «(Don't Fear) The Reaper». Musikkritikarane mislikte sjangeren. Dette starta å endre seg i 1978 då Van Halen gav ut det sjølvtittulerte debutalbumet sitt. Albumet førte til ei meir kommersialisering av sjangeren med base i Los Angeles i California. Etter at glam-sida av metal-rocken gjekk mot slutten tok band som Metallica, Megadeth, Slayer og Anthrax over den opphavlege metal-rørsla.

Stadionrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå stadionrock.
Led Zeppelin spelar på Chicago Stadium i janaur 1975.

The Beatles, The Rolling Stones, Grand Funk Railroad og The Who byrja å spele for store publikum på stadionar og arenaer. Den aukande populariteten til metall- og progressive rockeband førte til at fleire band klarte å selje ut store konsertstader. Underhaldningsselskap markedsførte ei rekkje stadionrockband som Journey, Boston, Styx, REO Speedwagon, Heart og Foreigner seint på 1970-talet. Denne musikkstilen vert stundom kalla «klassisk rock» eller «gitarrock».

Fleire band var med på å drive fram ny teknologi for å halde store konsertar. Dette var band som The Who, Led Zeppelin, Peter Frampton, Pink Floyd og Queen.

Eit anna stadionrockband er U2, som la ut på ein av dei meir overdådige stadionrockturneane gjennom tidene med Zoo Tv Tour, som bestod av den nyaste teknologiien som var tilgjengeleg på tidleg 90-tale med mange store TV-skjermar.

Punkrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå punkrock.
The Clash, spelar i 1980
Britiske pønkarar, omkring 1986

Punkrock starta som ein reaksjon på svulstig, produsentdriven disco og kommersialiseringa av hardrock og stadionrock. Tidleg punk lånte mykje frå garageband-tida, der banda ikkje trengde å vere ekspertar på instrumenta sine. Punk var forenkla musikk med tre akkordar som var lett å spele. Mange av banda hadde òg som mål og sjokkere samfunnet. Ramones har ofte vorte rekna som det første punkbandet,[3][4] men det var mange band som starta opp samstundes med dei i New York. Artistar som Patti Smith, The Heartbreakers og Television spelte den same kjappe, enkle forma for rock og heldt ofte konsertar i lag med the Ramones på klubben CBGB. Den tidlege pønkrørsla høyrdest noko annleis ut enn seinare pønkband og Velvet Underground var ei stor inspirasjonskjelde.

I 1976 reiste the Ramones, i lag med det britiske pønkbandet Sex Pistols, på turne i Storbritannia. Turneen har fått æra for å inspirere til starten på den første bølgja av engelske pønkband som The Clash, The Damned og The Buzzcocks. I England vart musikken meir valdeleg med eit politisk uttrykk, noko som var representert med dei to første singlane til Sex Pistols, «Anarchy in the U.K.» og «God Save the Queen»". Trass i at dei vart bannlyst på BBC klatra platene raskt til toppen av salslistene i Storbritannia. Mange i pønkmiljøet var kritiske til at punkrocken skulle toppe listene og såleis vart kommersialisert, og dette var opphavet til uttryket «Punks Not Dead» The Exploited skreiv ein song med denne tittelen og hevda at no som om pønkrock vart meir populært skulle hardcore punk oppstå med eit nytt aggresjonsnivå og ta musikkstilen til undergrunnsmiljøet igjen. Andre band som The Clash var ikkje like nihilistisk og var meir opent politiske og idealistiske.

Då Sex Pistols turnerte i Amerika spreidde dei musikken sin til vestkysten. Før dette hadde pønk stort sett vore eit austkystfenomen i USA. Seint på 1970-talet starta det ei pønkrørsle i Californa med band som Dead Kennedys, X, Fear, the Germs, Circle Jerks og Black Flag.

Pønk utvikla seg i undergrunnsrørsla til hardcore punk, ein undersjanger som starta i Nord-Amerika rundt 1980. Lydbilete var generelt tjukkare, tyngre og raskare enn tidlegare punkrock. Kjende band innan denne sjangeren var Black Flag, Minor Threat og Bad Brains. Songane var vanlegvis korte, raske og larmande med tema som apati, keisamheit, politikk, personleg fridom, vald, krig og underkulturen i seg sjølv. Hardcore punk spreidde seg vidare til andre undersjangrar som skate punk, melodisk hardcore og metalcore.

New Wave[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå New Wave.

Punkrock tiltrekte seg mange frå kunst- og studentverda og etter kvart dukka det opp band med ei noko meir kunstnerisk tilnærming til musikkstiljen, som Talking Heads og Devo. Enkelte byrja å skildre desse lettare pønkbanda som som New Wave for å skilje dei frå dei tyngre pønkbanda.

Om pønkrock var eit samfunns- og musikalt fenomen synte det seg ikkje att i platesalet og små selskap som spesialiserte seg på pønk, som Stiff Records, hadde gjeve ut det meste av pønkmusikken. Han vart heller ikkje mykje spelt på radio, som framleis var dominert av disco og albumrock. Platedirektørane som ikkje hadde hoppa på pønkrørsla såg derimot eit potensial i dei meir tilgjengelege New Wave-banda og byrja og gje kontraktar og marknadsføre alle band som kunne knytast til pønk eller New Wave. Mange av desse banda, som The Cars og the Go-Go's var i hovudsak popband kledd opp som New Wave-band. Andre som the Police og the Pretenders klarte å dra nytte av den aukande populariteten til New Wave-rørsla og skapte seg langvarige og kritikarroste karierar.

Mellom 1982 og 1985 tok band påverka av Kraftwerk, David Bowie og Gary Numan, New Wave i nye retningar som New Romantic med band som Duran Duran, A Flock of Seagulls, Culture Club, Talk Talk og the Eurythmics. Desse banda let stundom synthesizer erstatte alle andre instrument. Denne perioden oppstod samstundes med at MTV vart danna og førte til at denne musikkstilen vart mykje marknadsført og fekk stempelet synth-pop. Enkelte rockeband endra musikalsk retning og fekk òg mykje speletid på MTV, som til dømes Golden Earring som opplevde ny suksess med songen «Twilight Zone», men i hovudsak var tida for gitarbasert rock over. Sjølv om mange «New Wave-samlingar» inneheld songar frå denne perioden omfattar New Wave eigentleg tidlegare band som the Knack eller Blondie.

Post-punk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå post-punk.

I lag med New Wave utvikla post-punk seg ut frå punkrock. New Wave og post-punk vert stundom nytta om ein annan, men post-punk var typisk meir utfordrande, kunsterisk og slitande. Rørsla starta med banda Public Image Ltd., Psychedelic Furs og Joy Division og fleire band som Siouxsie & the Banshees, The Fall, Gang of Four og Echo & the Bunnymen følgde snart etter. Dette var hovudsakleg eit britisk fenomen, men det mest suksessfulle bandet som dukka opp frå post-punk var irske U2, som seint på 1980-talet hadde vorte eit av dei største banda i verda.

1980-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1980-talet vart rock stadig meir variert og mangfaldig. I denne perioden fekk ein «the New Wave of British Heavy Metal» med band som Iron Maiden og Def Leppard. Tidleg på 80-talet spelte Eddie Van Halen gitar på innovative måtar, medan vokalistar som David Lee Roth (frå Van Halen) og Freddie Mercury (frå Queen som han hadde gjort gjennom 70-talet) nesten hadde gjort rolla som frontmann om til ei kunstform. New Wave-banda var populære og artistar som Billy Idol og The Go-Go's vart meir kjend. Amerikansk heartland rock fekk mange tilhengjarar med artistar som Bruce Springsteen, Bob Seger, Donnie Iris, John (Cougar) Mellencamp og andre. Med den amerikanske folkeartisten Paul Simon og den britiske, tidlegare progrock stjerna Peter Gabriel i spissen vart rock blanda med folkemusikk frå andre stader i verda. Denne blandinga fekk namnet «verdsmusikk» og inkluderte stilartar som aboriginrock. Samstundes byrja meir ekstreme former for rock å ta form. Tidleg i 1980-åra dukka den rå og aggressive musikkstilen thrashmetal opp i undergrunnsmiljø og eir par band, som Metallica og Megadeth, fekk etter kvart stor suksess.

Glam metal[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå glam metal.
Twisted Sister var eit typisk glam-metal band med permanent hår, naglar, lêr, sminke og staffasje under konsertane sine.

Ein sjanger som var populær i 1980-åra var glam metal, stundom uformelt kalla puddelrock. Stilen var påverka av artistar som Aerosmith, Queen, Kiss, Alice Cooper, Sweet og the New York Dolls, og dei første kjende glam metal-banda var mellom anna Mötley Crüe, W.A.S.P., Ratt og Quiet Riot. Dei vart kjende for sin utsvevande livsførsel, permanent hår, bruk av sminke og klede. Songane var bombastiske og ofte macho med tekstar som fokuserte på sex, drikking, narkotika og det okkulte.

I 1986 kom ein ny, meir kommersialisert bølgje med glam metal-band, leia av gjennombrotet til Bon Jovi og band som Poison og Cinderella. Eit par år seinare kom gjennombrotet til ein noko tyngre (og ofte punk-inspirert) undergenre, ofte kalla «Sleaze Glam». Band som Guns N' Roses, Skid Row, Dangerous Toys og Faster Pussycat høyrer til i denne genren.

Instrumental rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå instrumental rock.
Joe Satriani held konsert i 2005.

Instrumental rock vart òg populært i denne perioden med albumet Surfing with the Alien av Joe Satriani. Mange gitaristar som følte seg hemma av å spele saman med sine respektive band byrja å gje ut soloalbum som viste kor dyktige dei var på gitar. Av desse artistane finn ein Steve Vai, Paul Gilbert, Vinnie Moore, Tony MacAlpine, Eric Johnson, Yngwie Malmsteen, Buckethead og Steve Morse .

Eit av dei første populære alternative rockebanda var R.E.M.

Alternativ rock og indierørsla[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå alternativ rock.

Uttrykket alternativ rock dukka opp tidleg på 1980-talet for å skildre rockeartistar som ikkje passa inn i dei andre sjangrane som fanst på denne tida. Band som vart kalla «alternative» kunne ha ein nesten kva stil som helst så lenge han ikkje var vanleg å høyre på radio. Dei fleste altenative rockebanda var derimot påverka av punkrockrørsla. Viktige band som høyrte til denne sjangeren på 1980-talet var R.E.M., Sonic Youth, The Smiths, the Pixies, Hüsker Dü, The Cure og mange andre. Artistane vart stort sett gjeve ut på sjølvstendige plateselskap og bygde opp ein stor tilhengjarskare i undergrunnsmiljø gjennom studentradio, fanmagasin og turnering. Sjølv om desse gruppene ikkje oppnådde store salstal påverka dei generasjonen av musikarar som dukka opp på 1980-talet og fleire enda opp med stor suksess på 1990-talet. Av undersjangrar som høyrer til alternativ rock på 1980-talet finn ein jangle pop, gothrock, studentrock og indiepop. Det neste tiåret skulle alternativ rock kome fram i lyset med grunge i USA og britpop i Storbritannia.

Alternativt vert mainstream (1990-1995)[endre | endre wikiteksten]

Grunge[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå grunge.

I starten av 1990-åra var rock dominert av glatt og kommersiell glam metal, puddelrock og stadionrock. MTV hadde dukka opp og marknadsførte det overdrivne fokuset på image og stil. Utilfreds med dette byrja band i staten Washington, og særleg rundt Seattle, å utvikle ein ny rockesjanger som stod i sterk kontrast til den kommersielle rocken på denne tida.

Sjangeren fekk etter kvart namnet grunge, som tyder «skit» eller «møkk». Uttrykket virka kanskje passande på grunn av den skitne lyden og den lurvete framferda til dei fleste musikarane. Grunge blanda element frå hardcore punk og heavy metal til eit eige lydbilete og nytta mykje gitar med forvrenging, fuzz og feedback. Tekstane var typisk apatiske og fylt med angst, og omfatta tema som framandgjering og kjensla av å vere innesperra, men dei var òg kjend for svart humor og parodiar på kommersiell rock.

Band som Green River, Soundgarden, the Pixies, the Melvins og Skin Yard var pionerar innan sjangeren, med Mudhoney som det mest suksessfulle bandet på slutten av tiåret. Grunge var derimot nesten berre eit lokalt fenomen fram til 1991 då Pearl Jam gav ut albumet Ten og Nirvana kort tid etter kom med Nevermind, som vart ein enno større suksess. Begge banda var meir melodiske enn sine forgjengarar og vart raskt ein stor suksess over heile verda. dei nekta derimot å la seg selje av rockeindustrien sin marknadsføring. I 1991 og 1992 fekk òg andre grungeband som Soundgarden, Alice in Chains og Candlebox eit større publikum. Kommersiell rock og metal forsvann nesten heilt i denne perioden.

Medan grunge i seg sjølv var noko avgrensa vart påverknaden han fekk langt større. Mange artistar som hadde misnøye med den kommersielle rockemusikken fann brått plateselskap og publikum som var villige til å lytte, og slik oppstod mange alternative rockeband frå undergrunnen. Dette bana veg for band som the Smashing Pumpkins og Stone Temple Pilots som først vart stempla som grunge, men som seinare fekk stor suksess som sjølvstendige band utanfor denne sjangeren.

Tidleg i april 1994 endra populariteten til grunge seg brått då frontmann i Nirvana, Kurt Cobain, døydde. Då Alice in Chain sin frontmann, Layne Staley døydde i 2002, var dette stort sett slutten på grungerørsla. Mot slutten av 90-talet hadde mange av grungebanda gått frå kvarandre eller hadde endra musikalsk retning.

Britpop[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå britpop.

Medan rockeindustrien i Amerika fokuserte på grunge, post-grunge og hip hop gav mange britiske grupper seg ut på ein ny bølgje av 60-talsinspirert musikk, ofte kalla britpop, med band som Suede, Oasis, Supergrass, Manic Street Preachers, Pulp og Blur. Desse gruppene baserte seg på mange stilartar frå undergrunnsrørsla i Storbritannia på 80-talet, inkludert twee pop, shoegazing og space rock, samt tradisjonell britiske gitarbasert rock som the Beatles og glam rock. Ein periode var rivaliseringa mellom Oasis og Blur på same nivå som the Beatles-Rolling Stones-striden på 60-talet eller Nirvana-Pearl Jam-rivaliseringa i Amerika. Medan band som Blur gjekk i fotefara til Small Faces og The Kinks, blanda Oasis haldningane til the Rolling Stones med melodiane til the Beatles. The Verve og Radiohead, som ikkje var britpop, men som tok del i den nye britiske rockebølgja, fann inspirasjon i artistar som Elvis Costello, Pink Floyd og R.E.M., noko som gav utslag på det mest kritikarroste albumet til Radiohead, OK Computer. Mange av desse banda vart særs populære (men berre for ein kort periode i USA) og på eit tidspunkt vart Oasis utropt til «det største bandet i verda» på grunn av albumet (What's the Story) Morning Glory? som selde 19 millionar eksemplar verda over. Fleire av banda vart derimot oppløyst etter nokre år og sjangeren vart gradvis mindre populær. Radiohead har i ettertid vore meir eksperimentelle og mindre radiovenlege, noko som starta med det kritikarroste albumet Kid A. Nokre britpopband som Manic Street Preachers, Oasis og Supergrass er framleis aktive.

Indierock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå indierock.

Frå midten av 1900-talet hadde uttrykket «alternativ musikk» mista mykje av den opphavlege tydinga sidan radioar og platekjøparar fatta interesse i stadig aukande grad, og dette gjorde han både kommersialisert og sterkt marknadsført. Mot slutten av tiåret hadde hip hop pressa mykje av den alternative rocken bort frå hovudstraumen og det meste av rocken som var att var pop-punk eller glatte versjonar av grunge- og rockblandingar.

Mange artistar vart verande utanfor den kommersielle musikkindustrien, anten fordi dei ikkje kom inn eller fordi dei hadde vald det sjølv. Desse vart ein del av indierockrørsla. Indierockband tok totalt kontroll over sin eigen musikk og karriere og gav ofte ut album på sine eigne sjølvstendige plateselskap, og støtte seg til turnering, at musikken spreidde seg mellom vener og på sjølvstendige radioar eller studentradioar for marknadsføring. Indierockrørsla hadde meir felles etos enn musikalsk likskap som fellesnemning og musikkstilen varierte frå harde, grunge-liknande band som The Cranberries, Superchunk til eksperimentelle band som Pavement og punk-folkesongarar som Ani DiFranco.

Mange land har eit omfattande lokalt indierockmiljø som stundom kan vere meir populære enn kommersielle grupper, men dei er ofte heilt ukjende utanfor landegrensene.

Blandingssjangrar[endre | endre wikiteksten]

Pop-punk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå pop-punk.

Eit resultat av punkeksplosjonen på 70-talet var pop-punk. Med band som the Buzzcocks og the Ramones vart ikkje sjangeren like kommersielt suksessfull som namnet kanskje skulle tilsei, men dei påverkar framleis mange artistar som finst i dag. Blandinga av popmelodiar, raske tonar og rå tekstar, samt lyden av punkrock er merkbar hos alt frå Nirvana til Oasis.

I dag vert pop-punk nytta for å skildre moderne rockeband med sterkt pop-prega musikk som Green Day og The Offspring, medan Blink-182 og Sum 41 førte undersjangeren til nye høgder seint på 90-talet og tidleg 2000-talet.

Post-grunge[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå post-grunge.

Etter Kurt Cobain døydde dukka ein ny stil kalla post-grunge opp. På same måte som forholdet mellom pop-punk og punkrock, er post-grunge forskjellige frå vanleg grunge ved at han er meir radiovennleg og poporientert. Etter at Silverchair frå Australia fekk internasjonal suksess med debutalbumet Frogstomp byrja plateselskap aktivt å leite etter «det nye Nirvana». Tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl stitt nye band Foo Fighters hjelpte til å få sjangere populær og andre band som Bush, Seether, Creed, Collective Soul, Everclear og Live gjorde post-grunge til ein av dei mest kommersielle og levedyktige undersjangrane seint på 90-talet.

Den kvinnelege soloartisten Alanis Morissette oppnådde òg suksess og vart stempla som post-grunge. I 1995 vart albumet hennar Jagged Little Pill ein stor hit med direkte, avslørande songar som «You Oughta Know». Med ærlege sjølvsentrerte tekstar, som t.d. Tori Amos, blanda med ein post-grunge, gitarbasert stil, klarte produsent Glen Ballard å ta sjølvinnsikta som hadde vore vanleg i grungetekstar til dei store massane. Suksessen med Jagged Little Pill påverka meir pop-orienterte kvinnelege artistar på 90-talet, som Fiona Apple, Jewel og Liz Phair.

Nu metal og rap-rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå rap rock og nu metal.

I 1990 oppnådde Faith No More suksess med singelen «Epic», som kombinerte heavy metal med rap. Dette bana veg for band som Rage Against the Machine og seinare Limp Bizkit, Korn, System of a Down og Slipknot. Kombinasjonen av rap og rock vart ein suksess. Seinare fekk ein blandingar av grunge, metal og og hip-hop, meir kjend som rap-rock og dette skapte ei ny bølgje med suksessrike band som Linkin Park og P.O.D.. Mange av desse banda ser òg på seg sjølv som ein del av den beslekta sjangeren nu metal.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Internett[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 2000-talet vart heile musikkindustrien rysta etter at påstandar om massive brot på musikkrettane ved hjelp av fildelingsteneseter som Napster. Dette førte til fleire søksmål mot private fildelarar av plateindustrigruppa RIAA.

Albumsalet har gått nedover for dei fleste musikksjangrar gjennom 2000-talet. Den største medverkande faktoren til dette er digitale nedlastingar. Mange kjøper dei songane dei vil ha, og ikkje alltid heile album.

Garagerock revival[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå garagerock revival.

Etter å ha eksistert i undergrunnen i alle år vart garage rock brått populært igjen med garage rock revival. Band som The White Stripes, The Strokes, The Vines og The Hives gav alle ut suksessrike singlar og album. Denne bølgja vert stundom kalla back-to-basics rock («tilbake til det grunnleggande») på grunn av det upolerte lydbiletet.

Post-punk revival[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå post-punk revival.

Retrotrenden har ført til ein Post-punk revival med band som The Hives, The Libertines, The Killers, Bloc Party, Franz Ferdinand, Interpol og Editors, som ofte er påverka av band frå 1990-talet som Radiohead og Nirvana, samt punksjangeren og post-punk-band som Joy Division.

Metalcore[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå metalcore.

Metalcore utvikla seg tidleg på 90-talet, men vart først populært på 2000-talet då musikkvideoar av band som Bullet For My Valentine, Killswitch Engage, Atreyu og Avenged Sevenfold vart vist på TV. Metalcore kom til som ei blanding av hardcore punk og post-hardcore med metal. Påverknad frå tidleg emocore og screamo er òg vanleg.

Samfunnsmessig påverknad[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå rock 'n' roll sin påverknad på samfunnet.

Påverknaden rock 'n' roll har hatt på samfunnet er særs omfattande og verdsomspennande, og har påverka både mote og filmstilar. Mange rockeartistar har stilt opp for veldedige konsertar som Live Aid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rock

Kjelder[endre | endre wikiteksten]