Twin Peaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Twin Peaks


Sjanger Krim
Psykologisk thriller
Overnaturleg
Lydformat Dolby Surround 2.0
Dolby Digital 5.1 (DVD)
Lengd 47 minutt
94 minutt ("Pilot" & "Episode 8")
Skaparar Mark Frost
David Lynch
Leiande_produsentar Mark Frost
David Lynch
Medverkande Kyle MacLachlan
Michael Ontkean
Mädchen Amick
Dana Ashbrook
Richard Beymer
Lara Flynn Boyle
Joan Chen
Eric Da Re
Sherilyn Fenn
Warren Frost
Harry Goaz
Michael Horse
Piper Laurie
Sheryl Lee
Peggy Lipton
James Marshall
Everett McGill
Jack Nance
Kimmy Robertson
Russ Tamblyn
Kenneth Welsh
Ray Wise
Opningstema «Falling (Twin Peaks Theme)» av Angelo Badalamenti
Nasjonalitet Amerikansk
Innspelingsland USA
Språk Engelsk
Kanal ABC
Sendt fyrste gong 8. april 1990
Sendt siste gong 10. juni 1991
Episodar per sesong 30
Sesongar 2

Twin Peaks er ein amerikansk fjernsynsserie skapt av David Lynch og Mark Frost. Serien følgjer etterforskinga av mordet på ein populær tenåring, Laura Palmer (spelt av Sheryl Lee), leia av FBI-agenten Dale Cooper (Kyle MacLachlan). Pilotepisoden vart sendt 8. april 1990 på ABC, og sju episodar til vart laga, i tillegg til ein sesong nummer to, som var på lufta til 10. juni 1991. Namnet på serien kjem frå ein liten, oppdikta by i delstaten Washington. Serien vart filma i Snoqualmie og North Bend, medan studioopptak vart filma i California.

Twin Peaks vart ein kritikarsuksess både i heimlandet og internasjonalt og fekk ein trufast fanskare. Serien vart ein del av populærkulturen og vart referert til i andre fjernsynsseriar, TV-reklamar, videospel, filmar og songtekstar. Dalande sjåartal gjorde at ABC insisterte på at identiteten til mordaren til Laura måtte avslørast halvvegs i andre sesongen. I 1992 vart det laga ein film, Twin Peaks: Fire Walk with Me, som omhandla perioden opp til handlinga i fjernsynsserien starta. Filmen gjorde det dårleg i Amerika, men vart ein suksess i Japan.

I 1997 vart pilotepisoden rangert på 25. plassen på TV Guide si liste over «dei 100 beste episodane gjennom tidene».[1] I 2002 vart serien rangert på 45. plassp lista til TV Guide over «dei 50 beste fjernsynsseriane gjennom tidene» og i 2007 vart han av Time teken med på lista deira over tidenes beste fjernsynsseriar.[2] Serien vart plassert på 49. plass på lista til Entertainment Weekly over «Nye TV-klassikarar»,[3] og på 12. plass på lista deira over «dei 25 beste kultseriane dei siste 25 åra».[4]

Som med mykje av arbeidet til Lynch (særleg Blue Velvet) utforskar Twin Peaks gapet mellom det respektable småbylivet og det meir lurvete laget like under. I løpet av serien vert det avslørt at fleire av rollene som først verkar å vere uskuldige lever dobbeltliv med ei langt mørkare side.

Som med dei fleste verka til Lynch, er det ikkje lett å plassere Twin Peaks i ein enkel sjanger. Sjølv om den urolege stemninga og dei overnaturlege fenomena som skjer passar inn i grøssar-sjangeren, er den sære, melodramatiske skildringa av dei lunefulle karakterane ein bisarr komisk parodi på amerikansk såpeopera. I tillegg har serien, som mange av filmane til Lynch, ein rar humor og mykje surrealisme.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Special Collector's Issue: 100 Greatest Episodes of All Time». TV Guide (June 28–July 4). 1997. 
  2. Poniewozik, James (September 6, 2007), The 100 Best TV Shows of All-TIME, http://www.time.com/time/specials/2007/article/0,28804,1651341_1659202_1652747,00.html, henta 12. november 2012 
  3. «The New Classics: TV». Entertainment Weekly. June 18, 2007. http://www.ew.com/ew/article/0,,20207339,00.html. Henta 12. november 2012. 
  4. "25 Best Cult TV Shows from the Past 25 Years." Entertainment Weekly. 3. august 2012, s. 40.
  5. Lavery, David, ed (1995). Full of Secrets: Critical Approaches to Twin Peaks. Wayne State University Press. ISBN 0-8143-2506-8.