Tycho Christoffer Jæger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tycho Christoffer Jæger (fødd 25. juni 1819 i Bergen, død 1889 i Feios) var ein norsk landskapsmålar.

Jæger fekk teikneopplæring i heimbyen før han reiste til København i 1840-åra. Kring 1850 vende han heim til Noreg og var sidan busett dels i Bergen dels i Feios i Sogn. Det eldste kjende arbeidet etter Jæger er datert 1841. Han gjorde fleire reiser innanlands mellom anna til Finnmark. Dei nordnorske motiva utgjer ein viktig del av produksjonen. Elles utgjer byinteriør frå Bergen og landskapet i Sogn og elles på Vestlandet dei viktigaste motiva. Jæger er representert på Nasjonalgalleriet med Urnes kirke og i Bergen Billedgalleri med Storm på Bergen våg.

Jæger vart gift i 1870 med Birgithe Amalia Steendahl (1850-1932).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]