Ugarit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utgravde ruinar på Ras Shamra.

Ugarit var ein hamneby i oldtida som låg nordvest i det noverande Syria. Han blei øydelagd på 1200-talet f.Kr. av ukjende fiendar, truleg dei mystiske «havfolka». Ruinane av Ugarit ligg på ein stad som i dag blir kalla Ras Shamra. Dei blei oppdaga i 1928 av Claude Schaeffer.

Ugarit var ein handelsby og senter for eit ugarittisk rike som hovudsakleg var sjølvstendig, men som til tider var under innflytelse av Egypt og hetittane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ugarit

Kjelder[endre | endre wikiteksten]