Ujiji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henry Morton Stanley møter David Livingstone i Ujiji i 1871.

Ujiji er den eldste byen i det vestlege Tanzania. Byen ligg om lag 10 km sør for Kigoma. Ujiji blei grunnlagd av arabiske folkeslag. Byen var eit viktig senter for slavehandelen.

Ujiji er staden der oppdagarane Burton og Speke først kom til breidda av Tanganyikasjøen i 1858, og det var her Stanley fann Livingstone i 1871. Det er reist eit monument til minne om det legendariske møtet.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.