Tanganyikasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tanganyikasjøen
Tanganyikasjøen - Fiskarar på Tanganyikasjøen
Fiskarar på Tanganyikasjøen
Tanganyikasjøen -
Stad Riftdalen i Afrika
Koordinatar 5°30′S 29°30′E
Type innsjø Riftdalsjø
Tilsig Ruzizi
Malagarasi
Kalambo
Utsig Lualaba
Tilsigsområde 231 000 km²
Tilknytte land Burundi
Kongo
Tanzania
Zambia
Største lengde 673 km
Største breidde 72 km
Overflateareal 32 900 km²
Middeldjupne 570 m
Største djupne 1 470 m
Vassvolum 18 900 km³
Kystlengd1 1 828 km
Høgd over havet 773 m
Busetnadar Kigoma i Tanzania
Kalemie i Kongo
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tanganyikasjøen er ein stor innsjø i Afrika. Han er estimert til å vere den nest største ferskvassinnsjøen i verda etter volum, og i tillegg den nest djupaste, begge etter Bajkalsjøen i Sibir. Innsjøen er delt mellom dei fire landa Burundi, Kongo, Tanzania og Zambia, der Kongo (45 %) og Tanzania (41 %) har dei største delane av han. Vatnet i innsjøen renn ut i elvesystemet til Kongo, og til slutt ut i Atlanterhavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen ligg i den vestlege dalen i Riftdalen, og er omgjeve av høge fjell. Han er den største riftsjøen i Afrika, og den nest største innsjøen etter areal. Innsjøen er den djupaste i Afrika, og i tillegg den innsjøen med størst volum. Han strekkjer seg 673 km frå nord til sør, og er i snitt 50 km brei. Innsjøen dekkjer eit areal på 32 900 km² med ei kystlinje på 1 828 km. I snitt er Tanganyikasjøen 570 meter djup, og på det djupaste 1 470 meter (i nord). Det er estimert at innsjøen inneheld 18 900 km³ vatn. Middeltemperaturen i overflata er 25 °C, og det har ein pH på 8,4 i snitt. I botn av sjøen er det om lag eit 4 500 meter tjukt lag med sediment over grunnfjellet.

Det enorme djupet og den tropiske plasseringa av innsjøen hindrar sirkulasjon i vassmassane, som gjer at mykje av vatnet i djupare lag er såkalla fossilt vatn og manglar oksygen (anaerobt vatn). Tilsigsområdet til innsjøen dekkjer eit areal på 231 000 km², med to store elvar som munnar ut i innsjøen, talrike mindre elvar (på grunn av dei bratte fjella som hindrar eit stort tilsigsområde), og ei stor elv ut av innsjøen, Lukuga, som er ei av sideelvene til Kongoelva.

Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ruzizi og Malagarasi. Ruzizi kjem frå Kivusjøen og munnar ut i nord. Malagarisi er den nest største elva i Tanzania og renn ut i Tanganyikasjøen i aust. Malagarasi er eldre enn Tanganyika sjøen og var tidlegare ein del av Kongoelva.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Neolamprologus cylindricus: Ein av mange ciklideartar i Tanganyika

Innsjøen har minst 250 artar av ciklidar og 150 andre fiskeartar. Dei fleste lev nær kysten og ned til eit djup på om lag 200 meter. Tanganyikasjøen er derfor ein viktig biologisk ressurs i studiar av evolusjonen til ein dyreartar.[1] Den største biomassen av fisk er derimot i den pelagiske sonen (ope farvatn) og er dominert av seks artar - to artar av Tanganyikasardin og fire artar av rovfisken Lates (som er i slekt med nilabboren som har øydelagd ciklidefiskbestanden i Victoriasjøen). Nesten alle (98 %) av ciklideartane er endemiske (finst berre her) i innsjøen, og mange vert brukt som akvariefisk. I tillegg er det fleire endemiske blautdyrartar, krabbar, reker, loppekreps, manetar og igler.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Tanganyikasjøen frå rommet, juni 1985

Fisken i innsjøen er ei stor proteinkjelde for dei lokale innbyggjarane. I dag er det om lag 45 000 menneske som er direkte involvert i fiskeria som opererer frå nesten 800 stader. Det er om lag 1 million menneske som er avhengig av fiskarane, og fisk frå Tanganyikasjøen vert eksportert til heile Aust-Afrika. Kommersiell fiske byrja på midten av 1950-talet, og dette har hatt stor innverknad på dei pelagiske fiskeartane. I 1995 vart det fanga rundt 180 000 tonn fisk. Tidlegare industrifiskeri, som blømde i 1980-åra, har seinare kollapsa.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det er to ferjer som går langs austkysten av innsjøen. MV «Liemba» mellom Kigoma og Mpulungu, og MV «Mwongozo», som går mellom Kigoma og Bujumbura. Hamnebyen Kigoma er endestasjonen for jarnbanen som går frå Dar es Salaam i Tanzania. Hamnebyen Kalemie er endestasjon for den kongolesiske jarnbanen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane som fann innsjøen vart utforskarane Richard Francis Burton og John Speke i 1858. Dei fann han då dei leita etter kjelda til elva Nilen. Speke haldt fram og fann til slutt kjelda, Victoriasjøen.

Innsjøen var seinare åstad for to kjende slag, under den britiske offiseren Geoffrey Spicer-Simson sin kommando. Denne soga vart fortalt i boka av Giles Foden kalla Mimi and Toutou Go Forth. The Bizarre Battle for Lake Tanganyika.

Den argentinske revolusjonæren Che Guevara nytta Tanganyikasjøen som treningsleir for geriljastyrkane sine. Frå denne leiren prøvde dei og velte regjeringa, men måtte til slutt trekke seg ut sidan National Security Agency (NSA) hadde overvaka han heile tida, og hjelpte regjeringsstyrkane med å overfalle geriljaen hans.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tanganyikasjøen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]