Underhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotografi av det britiske Underhuset frå 1851, det vart treft av tyske bombar under andre verdskrig, stort sett gjenoppbygd slik det var.

Eit underhus eller andrekammer er eit av to kammer i ei politisk forsamling med to kammer; det andre er overhuset eller førstekammeret.[1] Det er typisk ei større forsamling enn det tilsvarande overhuset, og har gjerne folkevalde medlemmer,[2] medan overhuset kan ha medlemmer med ein annan bakgrunn.

Underhuset deler lovgjevande makt med overhuset, men har i dag ofte større makt enn overhuset. I parlamentariske system er det vanlegvis underhuset åleine som vel regjeringssjef, og som kan fjerna denne gjennom mistillitsforslag.

Døme på underhus[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bicameralism (1997) av George Tsebelis.
  2. «Lower house - Oxford Reference», www.oxfordreference.com (på engelsk), doi:10.1093/acref/9780199571123.001.0001/m_en_gb0483630, henta 8. oktober 2019