University of Oxford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Oxford
Motto Dominus Illuminatio Mea (latin)- «Herren er lyset mitt»
Grunnlagt Uvisst, undervising frå 1096
Type kollegieuniversitet, offentleg universitet
Rektor [[]]
Stad Oxford i England
Medlemskap EUA
Nettstad www.ox.ac.uk
Radcliffe Camera, eit av dei mest kjende byggverka knytt til universitetet

University of Oxford (norsk: Universitetet i Oxford) ligg i byen Oxford i England, og er det eldste universitetet i den engelsktalande verda. Det er uvisst kva tid universitetet vart grunnlagd, og det kan vera at det ikkje fann stad som ei enkelt hending. Undervisinga i Oxford kan førast attende til kring 1096. Universitetet er eit kollegieuniversitet, der studentane ikkje er underlagt universitetet sentralt, men eitt av dei mange kollegia som vart oppretta til forskjellige tider og med forskjellige føremål.

Ved sidan av Universitetet i Cambridge er det eitt av dei mest prestisjefylde universiteta i verda. Dei to rivalane har konkurrert mot kvarandre i lang tid, men er samstundes på mange vis så like at dei ofte går under fellesnamnet Oxbridge.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.