Unni Fossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unni Fossen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1952 (72 år)
Idrett langrenn

Unni Fossen, fødd Trondseth, (fødd 1952) er ein tidlegare langrennar frå Trondheim. Ho vart norsk meister på 10 kilometer under Ski-NM 1975. Fossen var medlem av Nidelv Idrettslag.

Fossen stega inn i toppen av norsk kvinne-langrenn vinteren 1974. I Ski-NM 1974 i Selbu vann ho bronsemedaljen på 5 km og vart nummer 4 på 10 km. Under verdsmeisterskapen i Falun overraska ho med ein sjetteplass på 5 km, best av dei norske kvinnene. Ved noregsmeisterskapen 1975 i Flatebygd vann ho NM-gull på 10 km, 23 sekund framom Marit Myrmæl. Tre år seinare tok Fossen NM-bronse på 5 km på Konnerud, la så opp etter sesongslutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]