Up Above My Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Up Above My Head (I Hear Music In The Air)
Singel av Al Hirt
frå albumet Sugar Lips
A-side

«September Song»

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1964
Sjanger Jazz
Lengd 2:14
Selskap RCA Victor
Komponist Sister Rosetta Tharpe
Tekstforfattar Sister Rosetta Tharpe
Låtskrivar(ar) Sister Rosetta Tharpe
Produsent Chet Atkins
Al Hirt-kronologi 
«Sugar Lips»
(1964)
Up Above My Head (I Hear Music In The Air) «Feelin' Fruggy»
(1965)


«Up Over My Head» er ein amerikansk gospelsong som opphavleg vart spelt inn i 1940-åra av Sister Rosetta Tharpe og Marie Knight som ein duo. Han er sidan også vorten framført av Frankie Laine og Johnnie Ray, Long John Baldry og Rod Stewart, Al Hirt og av Elvis Presley.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven som ein tradisjonell kall- og svar-song der Tharpe syng ei kort linje, før Knight «svarer» med same linje. Det er sju linjer (utanom svara) i kvart vers. Dei første seks er som kall og svar og den siste syng dei i lag.

Songen vart spelt inn som ein duett av Frankie Laine og Johnnie Ray den 17. oktober 1956. Songen danna ein del av ei dobbel A-side i Storbritannia i oktober 1957. Singelen kombinert med «Good Evening Friends» og tittelen «Up Over My Head, I Hear Music in the Air» (Philips PB 708), nådde 25. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia.[1]

Han vart gjeven ut som ein duett av Long John Baldry og Rod Stewart (som Long John Baldry and the Hoochie Coochie Men) i juni 1964. Dette var B-sida til United Artists UP 1056).

Al Hirt gav ut ein versjon av songen i 1964 på albumet Sugar Lips. Denne nådde 12. plassen på Adult Contemporary chart og 84. plassen på Billboard Hot 100.[2] Hirt gav ut ein live-versjon av songen i 1965 på albumet Live at Carnegie Hall.[3] Han vart produsert av Chet Atkins.[4]

Songen vart òg framført av Elvis Presley i 1968 på TV-programet Elvis. Denne var ein del av ein gospel-medley i lag med songane «Where Could I Go but to the Lord» og «Saved». Ein bluesversjon av songen spelt inn av Ruthie Foster i 2007 på albumet The Phenomenal Ruthie Foster. Ein roots reggae-versjon finst òg spelt inn av den britiske artisten Matumbi i 1978 på albumet Seven Seal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 451. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Al Hirt's «Up Over My Head (I Hear Music in the Air)» Chart Positions Henta 26. desember 2016.
  3. Al Hirt, Live at Carnegie Hall Henta 26. desember 2016.
  4. «Up Over My Head» single release Henta 26. desember 2016