Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elvis Presley
Elvis Presley 1970.jpg
Elvis i 1970
Verkeleg namn Elvis Aaron Presley
Alias Elvis, The King, The King of Rock 'n' Roll, Elvis the Pelvis, The Hillbilly Cat[1]
Fødd 8. januar 1935, Tupelo i Mississippi i USA
Død 16. august 1977 (42 år), Memphis i Tennessee i USA
Instrument Vokal, gitar, piano
Sjanger Rock and roll, Rockabilly, Rhythm and blues, Countryrock
Aktive år 19531977
Yrke Songar, skodespelar
Plateselskap Sun, RCA Victor
Nettside Elvis.com

Elvis Aaron Presley (8. januar 193516. august 1977) var ein songar og skodespelar frå USA. Han var eit kulturikon og ofte berre omtalt med førenamnet, The King of Rock'n'Roll – «Kongen av rock'n'roll», eller berre The King.

I 1954 starta Presley karrieren sin som ein av dei første artistane innan rockabilly, ei livleg blanding av country og rhythm and blues med eit markant etterslag. Versjonane hans av eksisterande songar, der han blanda «svart» og «kvit» musikk, gjorde han særs populær—og kontroversiell&mdash, og det same gjorde scene og TV-framføringane hans. Han spelte inn songar i sjangeren rock and roll som «Hound Dog» og «Jailhouse Rock». Presley hadde ei allsidig stemme og fekk òg stor suksess med andre sjangrar som gospel, blues, balladar og pop.

Dei fleste av dei 31 filmane som Presley medverka i gjorde han på 1960-talet. Dei fleste av dei fekk dårleg kritikk, men selde bra. I 1968 gjorde han eit kjend comeback som artist under ei spesialsendt fjernsynssending, og i åra etter spelte han mykje rundt om i USA, særleg i Las Vegas. Gjennom karrieren sin sette han nye rekordar for publikumstal, sjåartal på fjernsyn og platesal. Han er ein av dei bestseljande og viktigaste artistane i historia til populærmusikken. Helseproblem, dopavhengigheit og andre faktorar førte til ein tidleg død i ein alder av 42.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.