Utlängan

Koordinatar: 56°01′N 15°47′E / 56.017°N 15.783°E / 56.017; 15.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utlängan er ei øy i Karlskrona-øyane i Blekinge i Sverige.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg lengst ut mot havet av alle øyane i øygruppa. Berre holmen Utklippan ligg lenger ute. Utlängan er dekt av skog og enger og er om lag 3 km lang og 1,5 km brei. Øya dekkjer like over 215 hektar.[1]. Hamna på Utlängan heiter Stenshamn og er ei eiga øy med brusamband til sjølve Utlängan. Det står eit observasjonstårn på Utlängan som ein gong vart nytta av det svenske forsvaret. I tillegg har øya eit fyrtårn på sørsida. Det går ferjesamband frå Torhamn på fastlandet og ut til øya.[2].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart nytta som utgangspunkt for seglruter over til Estland i mellomalderen, i dag kjend som «segleruta til kong Valdemar».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


56°01′N 15°47′E / 56.017°N 15.783°E / 56.017; 15.783