Estland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Eesti Vabariik

(norsk: Estland, estisk)

Det estiske flagget Det estiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Estland
Offisielle språk Estisk
Hovudstad Tallinn
Styresett
Republikk
Toomas Hendrik Ilves
Taavi Rõivas
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
45 228 km² (130.)
4,56 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
1 274 709 (153.)
28,2 /km² (144.)
Sjølvstende
Frå Russland
24. februar 1918
Frå Sovjetunionen
20. august 1991
Nasjonaldag 24. februar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
24 650 mill. USD (112.)
19 000 USD (49.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +372
Toppnivådomene .ee


Estland (Eesti), offisielt Republikken Estland (Eesti Vabariik), er eit land i den baltiske delen av Nord-Europa. Det grensar til Finland i nord, skilt av Finskebukta, i vest til Sverige, skilt av Austersjøen, i sør til Latvia (343 km) og i aust til Russland (338,6 km).[1] Landet dekkjer eit område på 45 227 km² og har eit temperert klima.

Estarane er i nær slekt med finnane, og estisk språk har mange likskapar med finsk. Det moderne namnet på Estland kjem truleg frå den romerske historikaren Tacitus, som i boka Germania (frå om lag 98 e.Kr.) skildra eit folkeslag han kalla Aestii og Aestiorum gentes. På same måten viser gamle skandinaviske soger til eit land som heiter Eistland. Tidlege latinske og namn på området var Estia og Hestia.

Estland er ein demokratisk parlamentarisk republikk og er delt inn i 15 fylke. Hovudstaden og den største byen er Tallinn. Med eit folketal på berre 1,4 millionar, er det eit av dei minst folkesette EU-medlemslanda. Estland har vore medlem av Folkeforbundet sidan 22. september 1921,[2] av SN sidan 17. september 1991,[3] av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004[4] og av NATO sidan 29. mars 2004.[5] Landet har også signert Kyoto-protokollen.

Busetjinga på det området som i dag er Estland, byrja rundt 8500 f.Kr., rett etter den siste istida. Gjennom hundreåra har estarane vore under Danmark, Den tyske riddarordenen, Sverige, Russland, Sovjetunionen og Nazi-Tyskland. Landet hadde den fyrste sjølvstendeperioden sin frå 1918–1940, etter Den russisk-estiske Tartu-traktaten, der Russland godkjende estisk sjølvstende. Under den andre verdskrigen vart Estland fyrst annektert og okkupert av Sovjetunionen[6][7] og deretter av Nazi-Tyskland, før det igjen vart okkupert av Sovjetuionen i 1944.

Estland vart sjølvstendig 20. august 1991. Sidan det har landet sett i gang eit effektivt program for sosial og økonomisk utvikling. I dag får landet anerkjenning for at det har ein av dei raskast veksande økonomiane i verda,[8] stor økonomisk fridom[9] og for at estarane er flinke til å ta i bruk ny teknologi.[10]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå estisk geografi.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Tänassilma i fylket Viljandimaa.

Estland ligg på austkysten Austersjøen med Finskebukta i nord, Russland i aust og Latvia sør, og mellom 57.3° og 59.5° N og 21.5° og 28.1° A. Landet er flatt, og gjennomsnittshøgda over havet er berre 50 meter. Det høgste punktet i landet er Suur Munamägi i søraust på 318 meter.[11]

Estland har over 1 400 innsjøar. Dei fleste av dei er svært små, men den største av dei, Peipus (Peipsi på estisk), har ei flatevidd på 3 555 km² og er dermed ein av dei største i Europa. Det er også mange elvar i landet. Dei lengste er Võhandu (162 km), Pärnu (144 km) og Põltsamaa (135 km).[11] Estland har også store myrområde og ei kystlinje på 3 794 kilometer med mange bukter, sund og viker. Talet på øyar og holmar som høyrer til Estland er om lag 1 500, og to av desse er så store at dei utgjer eigne fylke: Saaremaa og Hiiumaa.[11]

Oljeskifer (eller kukersite) og kalkstein, i lag med skogområda som dekkjer 47 % av landet, spelar ei viktig økonomisk rolle i Estland, som elles har få naturressursar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Estland ligg i den tempererte klimasonen og i eit overgangsområde mellom maritimt og kontinentalt klima. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegraden. Dei nordlege kystområda kan derimot få kraftig vind innimellom som gjev ganske så sure forhold, i tillegg til den kalde austavinden frå Russland. Klimaet er elles ikkje ulikt det ein finn i Skandinavia.

Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Snøen kjem vanlegvis i midten av desember og varer til seint i mars. Om sommaren har ein regn og regnbyer om lag kvar andre eller tredje dag. Årsgjennomsnittstemperaturen i Estland er på 5,2 °C.[12] Gjennommsnittstemperaturen i februar, den kaldaste månaden i året, er -5,7 °C,[12] medan han i juli, som vert rekna som den varmaste månaden, er 16,4 °C[12]. Mai og juni er den tørraste tida på året. Hovudstaden Tallinn har ein normal årsnedbør på 585 mm.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Rådyr – det vanlegaste klauvdyret i Estland.

Plantegeografisk ligg Estland mellom den sentraleuropeiske og den austeuropeiske inndelinga. Ifølgje WWF høyrer Estland til økoregionen sarmatisk blandingsskog. Om lag 48 % av landet er dekt av skog. Det meste av skogen består av gran og furu, men her finst òg bjørk, osp, eik, alm og andre lauvtre. Ein stor del av landet er òg myrlendt. Dei vestlege områda av landet, som øyane Hiiumaa og Saaremaaa, har steppeliknande vegetasjon, som ein òg finn på Öland og Gotland.[13]

Det forholdvis låge talet på innbyggjarar og dei store skogområda har gjort til at det har oppstått store bestandar av mellom anna gaupe, villsvin, brunbjørn, elg,[14] bever og flygeekorn.[15] Ein trur at talet på ulvar i Estland er om lag 200,[16] noko som vert rekna som litt over det som er optimalt (100–200).[17] Fuglelivet inkluderer mellom anna kongeørn, stork, lom, kvitkinngås, sjøorre og havelle. Landet har litt over ti nasjonalparkar og større verna område, mellom andre Lahemaa nasjonalpark, som er den største og ligg på nordkysten. Soomaa nasjonalpark, nær Pärnu, er kjend for dei gamle våtmarksområda sine. Reservat som Käinabukta fuglereservat og Matsalu naturreservat (ei våtmark av internasjonal viktigskap under Ramsar-konvensjonen) er òg populære blant den lokale folkesetnaden og turistar, og inneheld eit mangfaldig fugleliv.[18]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå estisk historie.

Estland har vore folkesett av finsk-ugriske stammar sidan førhistorisk tid. Dei vart kristna etter langvarige krosstog som enda i 1227, då Danmark hadde erobra den nordlege delen av landet og Sverdriddarordenen den sørlege delen. Danmark hadde det nordlege Estland fram til 1346. Tysk herredømme over det nordlege Estland varde deretter til Sverige erobra landsdelen i 1561.[19] Russiske invasjonar i 1481 og 1558 vart slått tilbake. Den sørlege delen, Livland, var under tysk styre til Polen-Litauen erobra provinsen i 1580-åra.

På 1300- og 1400-talet voks hovudstaden Tallinn (tysk: Reval) sterkt, og han vart ein hansaby i Hansaforbundet. Namnet på byen tyder «Danskeborga». Estland vart protestantisk i 1524.

Danmark si historiske tilknyting til Estland er bakgrunnen for myten om opphavet til det danske flagget Dannebrog. Ifølgje myten skal Dannebrog ha dala frå himmelen under slaget ved Felin i Estland under krosstoget som kong Valdemar II leidde mot dei heidenske estarane. Danskene var nær ved å lide nederlag då flagget som eit mirakel dala ned og gav dei nytt mot og siger. Ulike versjonar tidfestar hendinga anten til 1207 eller til 1219, og slagstaden vert sagt å vere Lyndanisse.[20]

I 1625 kom heile fastlands-Estland under svensk herredømme. Svenskane heldt fram med den administrative inndelinga i to provinsar. Estland var nemninga på kyststripa i nord langs Finskebukta, medan Livland i sør også omfatta delar av det noverande Latvia. Denne inndelinga vart halden ved lag til inn på 1900-talet. Kong Gustav II Adolf tvinga den tyske adelen til å gje bøndene større fridom, og oppretta eit trykkjeri og eit tyskspråkleg universitet i Tartu (tidlegare Dorpat) i 1632.

Under den store nordiske krigen vart Sverige knekt som stormakt då Russland erobra Estland og Livland i 1710, ei erobring som vart stadfesta ved freden i Nystad i 1721. Men godseigarane og byborgarane snakka framleis tysk så lenge det russiske styret varde, og estisk språk vart stort sett berre snakka av dei liveigne bøndene. Dei fekk betre kår då Russland oppheva liveigenskapen i Estland i 1816 og i Livland i 1818.

Etter samanbrotet til det russiske keisarriket under Oktoberrevolusjonen erklærde Estland seg sjølvstendig 24. februar 1918.

Estland, 1920-1940

Sovjetunionen tvinga Estland til å tillate opprettinga av militærbasar i oktober 1939 som følgje av dei hemmelege tillegga til Molotov-Ribbentrop-pakta med Tyskland. I juni 1940 vart landet fullstendig okkupert, og Sovjetunionen tok full kontroll over styret. Ved «valet» same år fekk kommunistane fleirtal i nasjonalforsamlinga, og oppmoda om at landet måtte verte innlemma i Sovjetunionen som Estiske SSR. Det hende formelt i august 1940, men annekteringa vart ikkje anerkjend av andre statar enn Tyskland og dei allierte. Mange politikarar, militære og intellektuelle vart avretta eller deporterte.

I 1941 kom Estland under tysk okkupasjon då Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen. Sovjetiske styrkar gjenerobra landet i 1944.[19] Terrorpolitikken vart gjenoppteken med deportajonar og tvangskollektivisering. Tilhøva betra seg gradvis etter at Stalin var død. Takka vere naboskapen med Finland og tilgangen til å ta inn finsk fjernsyn,[21] var Estland den av sovjetrepublikkane som vart sterkast påverka av vestlege verdiar og vestleg kultur. Under den sovjetiske «avspenninga» med glasnost og perestrojka voks det fram ei politisk rørsle for nasjonalt sjølvstende. Samanbrotet til Sovjetunionen gjorde lausrivinga mogleg.

Den sovjetiske okkupasjonen av Estland varde til 20. august 1991, og dei siste tidlegare sovjetiske troppane forlét Estland 31. august 1994.

Estland vart medlem i EU 1. mai 2004[4] og i NATO 29. mars 2004[5].


Politikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå estisk politikk og politiske parti i Estland.

Politikk i Estland skjer under rammeverket til ein demokratisk parlamentarisk republikk, der statsministeren er regjeringssjef og ein har eit fleirpartisystem. Presidenten har ei meir seremoniell rolle.

Nasjonalforsamling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Riigikogu.
Bygningen som husar den estiske nasjonalforsamlinga, Toompea slott i Toompea.

Nasjonalforsamlinga i Estland, Riigikogu, har den lovgjevande makta i landet vert vald for ein periode på fire år gjennom eit proporsjonalt valsystem. Estland er ein demokratisk parlamentarisk republikk. Det politiske systemet i landet er basert på eit rammeverk i grunnlovsdokumentet frå 1992. Den estiske nasjonalforsamlinga har 101 medlemmer og har innverknad i styringa av staten på område som pengebruk (ved å vedta skattar, avgifter og statsbudsjettet). I tillegg har nasjonalforsamlinga høve til å leggje fram utgreiingar, erklæringar og høyringar for folket i Estland, godkjenne eller underkjenne internasjonale avtalar og organisasjonar og avgjere regjeringslån.[22]

Riigikogu vel og oppnemner fleire høge stillingar i staten, mellom anna presidenten i landet. I tillegg oppnemner Riigikogu, etter framlegg frå presidenten i Estland, leiaren for domstolane, styreleiaren for den estiske nasjonalbanken, leiaren for den estiske riksrevisjonen, lovkanslaren[23] og forsvarssjefen. Ein medlem av Riigikogu kan krevje forklaring frå regjeringa og medlemmene i henne. Dette gjer at medlemmene av nasjonalforsamlinga kan følgje med på den utøvande makta og statsstillingane som er nemnde ovanfor.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Den estiske regjeringsbygningen, Stenbock-huset i Toompea.

Den estiske regjeringa, Vabariigi Valitsus, eller den utøvande makta i Estland, vert danna av den estiske statsministeren, som vert oppnemnd av presidenten og godkjend av nasjonalforsamlinga. Regjeringa representerer den utøvande makta under den estiske grunnlova og lovene i Republikken Estland, og er samansett av tolv ministrar, inkludert statsministeren. Statsministeren har òg rett til å oppnemne andre ministrar som han eller ho gjev ei oppgåve, men ikkje noko departement å administrere. I dag (2009) er regionsministeren i Estland denne typen minister. Statsministeren kan oppnemne opp til tre slike ministrar, slik at det høgaste talet på ministrar som kan vere med i ei regjering er 15.

Regjeringa sørgjer for at innanriks- og utanrikspolitikken til landet vert sett i verk. Ho styrer og koordinerer arbeidet til regjeringsinstitusjonane og har det heile og fulle ansvaret for det som ligg innanfor arbeidet til den utøvande makta.

Lov og rett[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den estiske grunnlova.

Ifølgje den estiske grunnlova, Põhiseadus, er det folket som har den overordna makta i Estland. Folket utøver denne makta i vala til Riigikogu gjennom innbyggjarar som har stemmerett.[24] Den overordna dømmande makta ligg hjå høgsteretten, eller Riigikohus, som har 17 dommarar. Høgsterettsjustitiarien vert oppnemnd av nasjonalforsamlinga for ni år om gongen etter framlegg frå presidenten. Det offisielle statsoverhovudet er den estiske presidenten, som godkjenner lovene som vert vedtekne i Riigikogu, men som også kan sende dei tilbake og føreslå nye lover. Presidenten brukar ikkje denne retten særleg ofte, så han han har lita praktisk tyding utover at moglegheita til veto er der. Han eller ho vert vald av Riigikogu, med minst to tredjedelar av stemmene. Dersom ingen kandidatar får nok stemmer, går retten til å velje president over til eit større utval, som er samansett av dei 101 medlemmene av Riigikogu, i tillegg til representantar frå lokalpolitikken i Estland.

Tilhøve til andre land[endre | endre wikiteksten]

Sidan landet vart sjølvstendig, har Estland hatt ein utanrikspolitikk der dei har samarbeidd nært med vesteuropeiske land.

President Toomas Hendrik Ilves og president George W. Bush i Estland i 2006.

Dei to viktigaste måla med dette har vore å få verte medlem i NATO og EU, noko dei fekk i høvesvis mars og mai 2004. Estland si omstilling for å kome nærare Vest-Europa, har kome saman med eit dårlegare tilhøve til Russland.

Ein viktig del av omstillinga Estland har vore gjennom etter at landet vart sjølvstendig, har vore tettare band med dei nordiske landa, og då spesielt Finland og Sverige. Mange estarar ser faktisk på seg sjølve som eit nordisk folk, og ikkje eit baltisk,[25][26] basert på dei historiske banda til Sverige, Danmark og spesielt Finland. I desember 1999 heldt den estiske utanriksministeren (og sidan 2006, presidenten i Estland) Toomas Hendrik Ilves ein tale med namnet «Estonia as a Nordic Country» ('Estland som eit nordisk land') på Utrikespolitiska Institutet i Sverige.[27] I 2003 hadde det estiske utanriksdepartementet ei utstilling som var kalla «Estonia: Nordic with a Twist» ('Estland: nordisk med ein vri').[28] Og i 2005 vart Estland med i Nordic Battlegroup i EU. Landet har også vist interesse for å vere med i Nordisk råd.

Medan Russland i 1992 stod for 92 % av den internasjonale handelen til Estland,[29] er det i dag eit stort økonomisk samkvem mellom Estland og dei nordiske naboane; tre fjerdedelar av utanlandsinvesteringane i Estland har opphav i dei nordiske landa (for det meste i Finland og Sverige), der eksporten frå Estland i dag er på 42 % (mot 6,5 % til Russland, 8,8 % til Latvia og 4,7 % til Litauen). På den andre sida er det politiske systemet i Estland, systemet med flat skatt og ikkje-velferdsstat-modellen ein motsetnad til dei andre nordiske landa, i tillegg til mange andre europeiske land.[30]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fylke[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå fylke i Estland.

Republikken Estland er delt inn i 15 fylke (maakonnad, eintal maakond) som er den høgaste administrative inndelinga av landet. Den fyrste dokumenterte kjelda på dei politiske og administrative inndelingane i Estland kjem frå Den livlandske krønika, som vart skriven under dei nordlege krosstoga1200-talet.[31]

Fylkesregjeringa (maavalitsus) i kvart fylke vert leidd av ein fylkesguvernør (maavanem), som representerer den nasjonale regjeringa på fylkesnivå. Guvernørane vert utpeika av Eesti Valitsus (regjeringa) for ein periode på fem år. Det vart gjort fleire endringar i fylkesgrensene etter at Estland vart sjølvstendig, og den viktigaste var kanskje opprettinga av Valgamaa (frå delar av fylka Võrumaa, Tartumaa og Viljandimaa) og Petserimaa (eit område dei fekk frå Russland gjennom Den russisk-estiske Tartu-traktaten).

Under Sovjet-styret vart Petserimaa annektert og overført til russiske SFSR i 1945, der det vart lagt under Pskov oblast. Fylka vart igjen innførde 1. januar 1990, då med same grenser som Sovjet-regionane hadde hatt. Grunna mange skilnader mellom dei noverande og historiske grensene (før 1940), vert dei historiske framleis brukte i etnologien, fordi dei viser kulturelle og lingvistiske skilnader betre enn dei nye.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå kommunar i Estland.

Kommunane (omavalitsus) er den minste administrative inndelinga av Estland. Kvart fylke er delt inn i kommunar som anten er bykommunar (linn) eller landkommunar (vald). Kvar kommune har eit visst sjølvstyre med lovgjevande og utøvande makt. Kommunane i Estland dekkjer heile landet.

Ein kommune inneheld éin eller fleire tettstader. Nokre bykommunar er delt inn i distrikt (linnaosad) med avgrensa sjølvstyre. Til dømes inneheld Tallinn åtte distrikt (Haabersti, Kesklinn, Kristiine, Lasnamäe, Mustamäe, Nõmme, Pirita og Põhja-Tallinn).

Kommunane varierer i folketal frå Tallinn med 400 000 innbyggjarar til Ruhnu med berre 60. Sidan over to tredjedelar av kommunane har færre enn 3 000 innbyggjarar, har mange av dei funne det lurt å samarbeide om tenestetilbod og administrative oppgåver. Sidan mars 2008 har det vore 227 kommunar i Estland, og av dei er 33 bykommunar og 194 landkommunar.

Fylke Hovudstad Areal Folketal
Harjumaa Tallinn 4 333 km² 521 410
Hiiumaa Kärdla 989 km² 10 289
Ida-Virumaa Jõhvi 3 364 km² 174 809
Järvamaa Paide 2 623 km² 38 255
Jõgevamaa Jõgeva 2 604 km² 37 647
Läänemaa Haapsalu 2 383 km² 28 101
Lääne-Virumaa Rakvere 3 627 km² 68 090
Pärnumaa Pärnu 4 807 km² 89 660
Põlvamaa Põlva 2 165 km² 31 954
Raplamaa Rapla 2 980 km² 37 093
Saaremaa Kuressaare 2 673 km² 35 356
Tartumaa Tartu 2 993 km² 148 872
Valgamaa Valga 2 044 km² 35 059
Viljandimaa Viljandi 3 422 km² 56 854
Võrumaa Võru 2,305 km² 38 967
Petserimaa[32][33]
Annektert av Russiske SFSR
i 1945 og av Russland
sidan 1991.
Petseri 1 582 km² 30 000

Byar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå byar i Estland.

Tallinn er hovudstaden og den største byen i Estland. Han ligg på nordkysten av landet, ved Finskebukta. Byen er eit viktig industrielt, politisk og kulturelt sentrum, i tillegg til at han har ei viktig hamn. Det er i dag (2009) 33 byar og fleire landsbyar i Estland. Meir enn 70 % av folkesetnaden i landet bur i byane. Nedanfor er det ei liste over dei største 20 byane.

Nr. By Plassering Folketal Nr. By Plassering Folketal
TallinnPan.jpg
Tallinn
Narva jõgi 1999.jpg
Narva
ValgaTownHall.jpgValgaLibrary.jpg
Valga
1 Tallinn Harjumaa 403 500 11 Võru Võrumaa 14 555
2 Tartu Tartumaa 101 169 12 Valga Valgamaa 13 930
3 Narva Ida-Virumaa 68 680 13 Haapsalu Läänemaa 11 774
4 Kohtla-Järve Ida-Virumaa 47 679 14 Jõhvi Ida-Virumaa 11 455
5 Pärnu Pärnumaa 45 500 15 Paide Järvamaa 9 751
6 Viljandi Viljandimaa 20 274 16 Keila Harjumaa 9 386
7 Rakvere Lääne-Virumaa 16 698 17 Kiviõli Ida-Virumaa 6 925
8 Sillamäe Ida-Virumaa 16 567 18 Tapa Lääne-Virumaa 6 559
9 Maardu Harjumaa 16 570 19 Põlva Põlvamaa 6 510
10 Kuressaare Saaremaa 14 919 20 Jõgeva Jõgevamaa 6 349
Estimat frå 2008


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Estonian Republic» – portal til Estland
  2. «The Law of Nations: cases, documents and notes», s. 106.
  3. Den estiske datoen for starten på SN-medlemskapet
  4. 4,0 4,1 Den estiske datoen for starten på EU-medlemskapet.
  5. 5,0 5,1 Den estiske datoen for starten på NATO-medlemskapet.
  6. U.S.-Baltic Relations: Celebrating 85 Years of Friendship på state.gov
  7. «Motion for a resolution on the Situation in Estonia» av EU
  8. «The Estonian Economic Miracle»
  9. «Index of Economic Freedom»
  10. BBC NEWS Europe: «Tiny Estonia leads internet revolution»
  11. 11,0 11,1 11,2 World InfoZone - Estonia. World InfoZonek, LTD..
  12. 12,0 12,1 12,2 EMHI
  13. «Estland – planteliv» i Store norske leksikon, snl.no.
  14. «Systematic list of Estonian mammals»
  15. «Estland – dyreliv» i Store norske leksikon, snl.no.
  16. Laupäeval algab hundijaht (estisk) (25. januar 2008).
  17. Keskkonnainfo: hunt (estisk)]
  18. «Birds Of Estonia»
  19. 19,0 19,1 «Estland» på Caplex-magasinet.
  20. Den tidlegaste kjelda til segna finst i eit skrift frå 1527 av munken Petrus Olai (Peder Olsen) frå Roskilde.
  21. «Estland – historie» i Store norske leksikon, snl.no.
  22. Riigikogu → Functions, Riigikogu.
  23. Meir informasjon på President.ee.
  24. «Riigikogu introduction»nettstaden til Riigikogu
  25. «Estonian life», ei utgjeving frå det estiske utanriksdepartementet frå 2004.
  26. «Estonian life», ei utgjeving frå det estiske utanriksdepartementet frå 2002.
  27. NATO – Estonia as a Nordic Country
  28. «Estonia – Nordic with a Twist»
  29. «The Estonian Economic Miracle»
  30. http://www.investinestonia.com/pdf/ForeignTrade2007.pdf «Foreign investment»
  31. Sjå meir under estisk historie.
  32. «Alle territoria i Estland er udelelege og ein del av ein einskapleg stat», Den estiske grunnlova, kapittel 1.
  33. Sovjetiske territorieendringar i Estland (sjå Den russisk-estiske Tartu-traktaten)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Estland