Uzunada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 38°30′16″N 26°42′53″E Uzunada eller Uzun ada (tyder «lang øy») er ei øy ved inngangen til İzmirbukta på vestkysten av Tyrkia. Ho ligg mellom Karaburunhalvøya i vest, og distriktet Foça i aust. Øya er kring 9 km lang frå nord til sør og er den fjerde største øya i landet, og den tredje største tyrkiske øya i Egearhavet. Det gamle greske namnet var Drymoussa (Δρυμούσσα), og ho er seinare på gresk kalla Makronisi (Langøy) eller Englezonisi (Engelskmannøya).[1] I sør ligg fleire mindre småøyar, som Yassıca.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. US GeoNames database [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]