Vail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skiområdet i Vail, februar 2005

Vail er ein by i Eagle County i delstaten Colorado i USA. Byen har vel 4 500 innbyggjarar og ligg 2 445 meter over havet.

Vail er ein av dei største vintersportsstadene i verda. Det finst om lag 25 kvadratkilometer med skiterreng og fallhøgda er sirka tusen meter. Skiskulen har i kring 1 100 skilærarar.

Vail har i mange år arrangert tevlingar i verdscupen i alpint. Verdsmeisterskapane i alpint for 1989 og 1999 vart avvikla i Vail og i grannestaden Beaver Creek. Under VM 1999 vann nordmannen Lasse Kjus tre gullmedaljar og to sølvmedaljar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vail