Lasse Kjus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lasse Kjus

Lasse Kjus (fødd 4. januar 1971) er ein norsk alpinist med fleire store triumfar fra internasjonale meisterskap.

Den første store sigeren sikra Kjus i kombinasjonen under OL 1994Lillehammer. Under VM i alpint 1999 i Vail vann han gull i storslalåm og super-G. Han har òg vunne verdscupen samanlagt to gonger, i sesongane 1995/1996 og 1998/1999. I 1999 vart Kjus tildelt Aftenpostens Gullmedalje.

Totalt har Kjus vunne femten medaljar i internasjonale meisterskap (VM/OL) (tre gull, åtte sølv og fire bronse).

Han la opp som alpinist i 2006.