Valhall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valhalla i eit islandsk manuskript frå 1600-talet.

Valhall er i norrøn mytologi festhallen til Odin der æsene og einherjane held sine gilde.

I Åsgard reiste gudane ei stor og mektig borg, og midt i denne borga låg dei frodige Idavollane. Her bygde gudane store, mektige hallar, og den aller flottaste av desse var Valhall. Det var hit valkyriene kom med einherjane, vikingane som har falle i krig. «Val» tyder på norrønt språk 'fallen krigar'.

I den store hallen Valhall er det Odin som herskar. Stor må Valhall vera om det skal vera rom for alle vikingar som døyr i krig. Det blei sagt at Valhall har 640 dører, og at kvar dør er så brei at 960 einherjar kan gå side om side gjennom døra. Taket er dekt med gyldne skjold og veggane er laga av spydskaft.

Hanen Gullinkambi heldt til i Valhall, og vekte kvar dag opp krigarane, levande som døde. Galten Særimne var òg ein viktig innbyggjar. Denne grisen blei slakta og eten kvar dag, men var like heil igjen om kvelden.

Andre namn på Valhall[endre | endre wikiteksten]

  • Gladsheim («den glinsande verda»), omtala som det største huset i Åsgard med tretten høgsete, eitt for Odin. Tekt med gull både inn- og utvendig. Høgst truleg identisk med Valhall.
  • Valaskjalf («hallen åt falne krigarar»)