Odin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odin rir på Sleipner i ei framstilling på Adresteinen.
Odin med ramnene og våpna sine. Frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Odin (norrønt Óðinn) var namnet på guden til høvdingane i norrøn gudstru. Han var hovdingen til gudane, og var òg den guden norrøne hovdingar blòta til. Odin er den mektigaste og klokaste av gudane i den norrøne mytologien. I seinare tid er gudenamnet blitt til eit noko uvanleg førenamn, og har òg gjeve namn til Odinfeltet for naturgass i Nordsjøen.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Odin som gudekonge på trone med ramnar, ulvar og «vikinghjelm» med venger. Illustrasjon frå 1880-åra av Carl Emil Doepler.

Foreldra til Odin er guden Bor og jotunkvinna Bestla, medan Ve og Vilje er brørne.[1] Kona er Frigg, med henne fekk han Balder, Hod og Hermod,[1] men ein set òg Frøya i samanheng med han. Han er far til den populære guden Tor, som han fekk saman med Jord (Fjorgyn).[1] Med Rind fekk han Våle, og med Gridr fekk han Vidar. Odin er også nemnd som far til Ty, Brage og Heimdall.[1]

Odin var opphavleg gud for stormar og natta, men vart seinare forfremma til hovudgud. Han er krigsgud, og gud for visdom, trolldom (seid), runemagi skaldekunst, med meir. Odin er òg gud for kongemakt. I dei norske kongesogene (Heimskringla) vert kongeætta Ynglingeætta ført attende til Odin sin son Frøy (Yngve-Frøy).

Odin sin bustad heiter Valaskjalv. Der sit han i høgsetet Lidskjalv som er slik at han kan sjå heile verda derfrå. Odin eig spjotet Gungne og gullringen Draupne.[1]

Valhall[endre | endre wikiteksten]

Odin styrer i Valhall.[1] Veggane i denne gildehallen er laga av spyd, og taket av skjold. Valhall har 540 portar, som alle er så breie at 800 krigarar kan gå gjennom dei. Her samlast alle som har falle i kamp, og dei held fram kjempinga her. I Valhall er det slik at alle som døyr medan dei slåst, kjem til live att, og kan eta og drikka vidare.

Maten får dei frå galten Særimne. Han vert eten kvar dag, men om kvelden er han like heil att. Kokken her heiter Andrimne, og kjelen Eldrimne. Kua Hedrun fyller eit kar med mjød kvar dag, det er rikeleg til alle. Odin sjølv drikk berre vin, det er både mat og drykk. Det er valkyrjene Hrist og Mist som ber drikkehorna til Odin.

Geita Heidrun og hjorten Eiktyrne står på taket av Valhall og et blada frå asketreet Yggdrasil.

Dyra til Odin[endre | endre wikiteksten]

Odin har ein hest, Sleipner, som går gjennom verda med åtte bein. Ingen hest i verda spring like fort som Sleipner. Han spring på land, på vatn, gjennom fjell og i lufta.

På kvar oksle har Odin ein svart ramn, ramnane heiter Hugin og Munin[1] («Tanken» og «Minnet»). Dei ser kvar einaste rørsle nede på jorda og dei høyrer kvar einaste litle lyd. Ingenting kan haldast skjult for Hugin og Munin.

Odin har to ulvar, Gere og Freke.[1] Begge namna tyder grisk eller grådig.

Kunnskapsguden[endre | endre wikiteksten]

Odin i ørneham stel mjøden til Suttung. Norrøn avbilding frå Gotland.

Odin er mellom anna gud for visdom og kunnskap.[1] Kunnskapen fekk han då han ofra eit auga for å drikka av kunnskapens brunn (Mime sin brunn). Odin er difor einøygd. Ofringa gjorde han for å skjøna den verda han hadde skapt. Mime vart seinare halshoggen, og Odin nytta hovudet til å rådføra seg.

Ved eit anna høve skal Odin ha «ofra seg sjølv til seg sjølv» ved å stikka seg sjølv i sida og henga seg halvt død og halvt levande i vedstreet Yggdrasil. Hendinga er nemnd i Håvamål.[1] Slik denne versesamlinga ligg føre i Den eldre Edda, skal heile Håvamål vera talen til den høge, eller Odin. Odin står stundom fram og gjev råd eller fortel om seg sjølv.

Odin sin kunnskap femner også om trolldom og spådomskunst, som er knytt til runekunne. Han er også gud for skaldekunst, som han fekk kunnskap om gjennom å forføra Gunnlod og drikka mjøden som tilhøyrde far hennar, Suttung.[1]

Skapargud[endre | endre wikiteksten]

Odin, Lodur og Høne skapar Ask og Embla (1895) av Lorenz Frølich.

Både i den eldre og den yngre Edda er Odin rekna som ein av dei tre gudane som skapte Ask og Embla, dei første menneskja.

Korleis Odin skal døy[endre | endre wikiteksten]

Dei tre nornene har sett at ved verdas ende, under Ragnarok, skal Odin verta slukt av Fenrisulven. Odin sin son Vidar drep dinest Fenrisulven.[1]

Dyrking og ætteband[endre | endre wikiteksten]

Odin og søner, der han er rekna som stamfar til angelsaksiske kongar. Frå Libellus de primo Saxonum uel Normannorum adventu frå 1100-talet.

Odindyrking er nemnd i fleire gamle kjelder, både frå Norden og utanlandske område.[1] Odin blei rekna som stamfar for fleire nordiske herskarætter, som skjoldungane i Danmark, og ynglingane i Uppsala og dei norske ladejarlane.[1]

Seinare er Odin blitt knytt til oskoreia, som i nordisk og tysk folketru jager gjennom verda.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Georg von Rosen, Oden som vandringsman, 1886.

Det norrøne namnet til Odin var Óðinn, som tyder 'den rasande'.[1]svensk vert Odin kalla «Oden», men på tysk er han «Wotan», som er avleia av wut, raseri.

Guden har også mange andre namn eller kenningar, som viser til mange eigenskapar og kunner: Allfader, Arnhovde, Atrid, Audun, Bileyg (Biløygd), Bivlinde, Båleyg (Båløygd), Bolverk, Brun/Brune, Dresvarp, Farmatyr, Feng, Fjellgeirud, Fjølner/Fjolner, Frafrid, Gaptrosner, Gaut, Gautatyr, Geirolner/Geirlodner, Gest, Gestumblinde, Gizzur, Glappsvinn, Gondler, Grane, Grim, Grimner, Gunnblinde, Ganglere, Gangråde, Geirud, Ginnar, Gråskjegg, Hagvirk, Hangagud, Hangatyr, Henge, Hårbard, Helblinde, Hengekjeft, Herjan, Hermod, Hildolf, Hjelmbære, Hnikar/Nikar, Hnikar-Fjølner, Hnikund/Hnikud, Hrame, Hrjod, Hropt, Hroptatyr/Roptaty, Hrosshårsgråne, Hvatmod, Hvedrung, Hærglad, Hærblinde, Hå/Håve/Høg, Ialk, Jevnhå (Jamhøge), Jolner, Kjalar, Langskjegg, Launding, Møttul, Njot, Olg, Ölur, Ome, Oske, Ovner, Rane, Ramnguden, Rosterus (hos Saxo, truleg same som Hroptr), Sann/Sannetal, Sigerfar, Sidhatt, Sidskjegg, Sige, Sigder, Siggaut, Sigmund, Sigtrygg, Skilfing, Skjoldvall, Svalner, Svavner, Svidrer, Svidur, Svipal, Tud, Tund/Tunn, Tekk, Tror, Trasar, Tveblinde, Tvegge, Ud, Vak/Vakr, Valfar ('far til dei falne'[1]), Valdr Galga, Vegtam, Vidrimmer, Vidur, Vodin, Våvud, Ygg/Yggr ('den skrekkelege'[1]), Yggjung og Yjung.

Odin brukt som namn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Odin var den øvste av gudane, har han ikkje sett mange spor etter seg i norske stadnamn eller i tradisjonelle personnamn. Det finst ein del moglege Odin-avleidde stadnamn i Danmark, Sverige og Aust-Noreg, som Onsøy og Odense,[2] men ingen i Sørvest-Noreg eller Island.[1]

Dei tidlegaste eksempla på bruk av Odin som mannsnamn finst i skriftlege kjelder frå 1700- og 1800-talet. I desse falla er det snakk om fordanska skriftform av mannsnamnet Audun. Det er først i nyare tid at Odin er blitt noko vanlegare som førenamn — delvis som oppkalling etter Audun og delvis inspirert av hovudpersonen Odin i romanserien Juvikfolke av Olav Duun. Rundt 1000 nolevande norske menn har namnet Odin som første eller einaste førenamn (2004).

Derimot har han gjeve namn til onsdag, på same måte som herskarguden Merkur gjorde det i dei romanske språka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 Magerøy, Hallvard. «Odin» (8. november 2011), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.
  2. Magerøy, Hallvard. nordisk religion (7. juni 2013), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.