Valkomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein valkomité er ei fortruleg arbeidsgruppe i ein organisasjon (som eit politisk parti eller ei foreining) som har til oppgåve å førebu val til tillitsverv. Slike tillitsverv kan til døme inkludere styreleiar eller styreformann, styremedlemmar, sekretær, kasserar og liknande.

Oppgåva åt ein valkomité er å finne kandidatar, vurdere kompetansen deira og å finne alternative kandidatar der dette let seg gjera.