Valle Central i Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Valle Central er eit senking mellom Cordillera de la Costa (dei chilenske kystfjella) og Andesfjella. Den sentrale dalen må ikkje forvekslast med Sentral-Chile som dekkjer delar av dalen. I den vidaste definisjonen, den geologiske, dekkjer Valle Central området frå Pampa del Tamarugal ved 20 °S til Ofqui-eidet ved 46 °S. Vinområdet Valle Central strekkjer seg frå Santiago og sørover til Bío-Bío-regionen.

Stundom vert Puerto Montt rekna til den sørlege enden av Valle Central, fordi dalen sør for her ligg under havnivå og dukkar opp sporadisk som øyar ned til Ofqui-eidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 35°20′7″S 70°43′48″W