Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Chile

(norsk: Chile, chilensk)

Det chilenske flagget Det chilenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Himno Nacional»
Motto spansk: Por la razón o la fuerza (Med grunn eller med makt)
Geografisk plassering av Chile
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Santiago1
Styresett
Republikk
Michelle Bachelet
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
756 102 km² (37.)
1,07 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
17 067 369 (63.)
22,6 /km² (153.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
frå Spania
12. februar 1818
25. april 1844
Nasjonaldag 18. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
260 000 mill. USD (44.)
15 500 USD (56.)
Valuta Chilensk peso
Tidssone UTC -4
Telefonkode +56
Toppnivådomene .cl

1Den dømande makta held til i Valparaíso
2 Inkluderer Påskeøya og Isla Sala y Gómez. Inkluderer ikkje 1 250 000 km² Chile har gjort krav på i Antarktis

Republikken Chile er eit land på vestkysten av Sør-Amerika som grensar til Peru, Bolivia og Argentina.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Chile.

Chile er eit langstrekt land som er 4 630 km frå nord til sør. Landet har difor ei lang kystline mot det sørlege Stillehavet. På det breiaste er Chile 430 km.

Det høgaste fjellet er Ojos del Salado (6 879 m.o.h.).

Den lengste elva er Loa, som er om lag 44 mil lang.

Klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Chile er temperert, men varierer frå kaldt og fuktig i sør, via middelhavsklima på midten, til ørken i nord. Atacama-ørkenen er verdas tørraste område. Det finst aktive vulkanar i landet, og det førekjem somme tider store jordskjelv.

Regionar og provinsar[endre | endre wikiteksten]

Frå Atacama.

Chile er delt inn i 13 regionar, som igjen er inndelte i provinsar (i parentes):

  • Tarapacá (Iquique, Arica, Parinacota)
  • Antofagasta (Tocopilla, Antofagasta, El Loa)
  • Atacama (Chañaral, Copiapó, Huasco)
  • Coquimbo (Elqui, Limarí, Choapa)
  • Valparaíso (Valparaíso, Quillota, San Antonio, San Felipe de Aconcagua, Los Andes, Petorca, Isla de Pascua)
  • Libertador General Bernardo O'Higgins (Cachapoal, Colchagua, Cardenal Caro)
  • Maule (Curicó, Talca, Linares, Cauquenes)
  • Biobío (Ñuble, Concepción, Arauco, Biobío)
  • Araucanía (Malleco, Cautín)
  • Los Lagos (Puerto Montt, Valdivia, Osorno, Llanquihue, Chiloé, Palena)
  • Aisén del General Carlos Ibáñez del Campo (Aisén, Gral. Carrera, Capitán Prat, Coihaique)
  • Región de Magallanes y de Antártica Chilena (Última Esperanza, Magallanes, Tierra del Fuego, Antártica Chilena)
  • Región Metropolitana de Santiago (Santiago, Chacabuco, Cordillera, Maipo, Talagante, Melipilla)

Byar[endre | endre wikiteksten]