Valle Maggia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valle Maggia med Maggia-elva

Valle Maggia (Maggiadalen) er ein fjelldal i Ticino, den italiensktalande kantonen i Sveits som elva Maggia renn gjennom.

Det ligg fleire vakre landsbyar i dalen med tradisjonelle steinhus, vingardar og meiergardar.

Tradisjonelle steinhus

Hovudnæringa i dalen er turisme, steinbrotdrift og framstilling av mjølkeprodukt.

Vegen frå Locarno gjennom dalen fører til andre dalar: Bosco Gurin, Val Lavizzara, Val di Campo, Val Bavona, Valle di Peccia, Val Sambuco, alle delar av distriktet Vallemaggia.

Høge fossar er vanlege i dalen, sidan mange elvar strøymer ned dalsidene til Maggia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valle Maggia

Koordinatar: 46°15′N 8°42′E