Kantonar i Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over kantonane i Sveits

Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.

Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.

På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.

Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.

Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.

Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km2; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.

I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.

Liste over kantonane[endre | endre wikiteksten]

Tabellen nedanfor listar opp kantonane i same rekkefølgje som i konføderasjonsgrunnloven.

Flagg Fork. Kanton Sidan Hovudstad Folketal1 Areal2 Folketettleik3 Tal på kommunar1 Offisielle språk
Kantonflagg ZH Zürich 1351 Zürich 1 228 600 1 729 701 171 tysk
Kantonflagg BE Bern/Berne 1353 Bern 947 100 5 959 158 399 tysk  fransk
Kantonflagg LU Luzern 1332 Luzern 350 600 1 493 233 107| tysk
Kantonflagg UR Uri 1291 Altdorf 35 000 1 077 33 20 tysk
Kantonflagg SZ Schwyz 1291 Schwyz 131 400 908 143 30 tysk
Kantonflagg OW Obwalden 1291 Sarnen 32 700 491 66 7 tysk
Kantonflagg NW Nidwalden 1291 Stans 38 600 276 138 11 tysk
Kantonflagg GL Glarus 1352 Byen Glarus 38 300 685 51 28 tysk
Kantonflagg ZG Zug 1352 Zug 100 900 239 416 11 tysk
Kantonflagg FR Fribourg/Freiburg 1481 Fribourg 239 100 1 671 141 242 fransk  tysk
Kantonflagg SO Solothurn 1481 Solothurn 245 500 791 308 126 tysk
Kantonflagg BS Basel-Stadt [Basel by] 1501 Basel 186 700 37 5 072 3 tysk
Kantonflagg BL Basel-Landschaft [Landskapet Basel] 1501 Liestal 261 400 518 502 86 tysk
Kantonflagg SH Schaffhausen 1501 Schaffhausen 73 400 298 246 34 tysk
Kantonflagg AR Appenzell Ausserrhoden 1513 Herisau4 53 200 243 220 20 tysk
Kantonflagg AI Appenzell Innerrhoden 1513 Appenzell 15 000 173 87 6 tysk
Kantonflagg SG St. Gallen 1803 St. Gallen 452 600 2 026 222 90 tysk
Kantonflagg GR Graubünden/
Grischun/Grigioni
1803 Chur 185 700 7 105 26 211 tysk  retoromansk  italiensk
Kantonflagg AG Aargau 1803 Aarau 550 900 1 404 388 232 tysk
Kantonflagg TG Thurgau 1803 Frauenfeld5 228 200 991 229 80 tysk
Kantonflagg TI Ticino 1803 Bellinzona 311 900 2 812 110 244 italiensk
Kantonflagg VD Vaud 1803 Lausanne 626 200 3 212 188 382 fransk
Kantonflagg VS Valais/Wallis 1815 Sion 278 200 5 224 53 160 fransk  tysk
Kantonflagg NE Neuchâtel 1815 Neuchâtel 166 500 803 206 62 fransk
Kantonflagg GE Genève 1815 Genève 414 300 282 1 442 45 fransk
Kantonflagg JU Jura 1979 Delémont 69 100 838 82 83 fransk
Det sveitiske flagget CH Sveits   Bern 7 261 200 41 285 174 2 890 tysk  fransk  italiensk  retoromansk

Fotnoter: 1 Den 31. desember 2001  Nasjonalstatistikk  2 km²  3 per km²  basert på folketalet i 2000 4 setet for regjeringa og parlamentet; setet for kantonsdomstolen er Trogen 5 setet for parlamentet er Frauenfeld og Weinfelden

Tobokstavsforkortingane for sveitsiske kantonar er mykje brukt, til dømes på bilskilt og i ISO 3166-2-kodar med prefikset «CH-» – til dømes CH-SZ for kantonen Schwyz.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich