Varmeisolasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Omgrepet varmeisolasjon kan referere til materiala som vert brukte for å redusere transport av varme, eller metodar og prosessar som vert nytta for å redusere overføring av varme mellom to substansar. Varmeenergi kan overførast ved konveksjon, varmekonduksjon, stråling eller med flytting av materiale frå ein stad til ein annan. Den sistnemnte måten treng ein ikkje vurdere ved diskusjon av emnet varmeisolasjon. Varmeisolasjon er metoden for å hindre varme frå å slippe ut frå ein kontainer eller frå å komme inn i han. Med andre ord kan isolasjon halde eit lukka område, til dømes ein bygning varm, eller han kan halde innsida av ein lukka tank kald. Varmen overførast frå eitt av materiala til eit anna ved konduksjon, konveksjon og / eller stråling. Ein nyttar isolatorar å hindre overføring av varmeenergi. Ved isolasjon av bustader er R-verdien en indikasjon på kor godt eit materiale isolerer. Ein kan redusere farmeflyten ved å sperre for ein eller fleire av desse transportmekanismane, effekten avheng av dei fysiske eigenskapa til materialet som er lagt inn for å isolere mot transporten.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.