Vassa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vassa (pali vasso, sanskrit varsja, 'regn') er nemninga på den buddhistiske skikken for vandrande munkar med å halda seg i ro under regntida, tre månader frå rundt juni til oktober. Tilbaketrekkinga skal ha blitt innført av Buddha sjølv, delvis fordi reise var vanskeleg på denne tida, og delvis fordi ein gåande munk kunne skada mykje spirande liv på denne tida. Medan vassa er ei viktig tid innan theravada-buddhisme, er skikken lite utbreidd innan mahayana.

Under vassa held munkar og nonner seg éin stad, og kan driva med mykje konsentrert meditasjon. Nokre stader, til dømes i Thailand, kan også lekfolk gå i kloster og leva etter munkereglane i denne tida. Andre kan la vera å eta kjøt, drikka alkohol eller røyka, noko likt kristne former for faste.

Vassa tek til dagen etter fullmåne i den åttande månaden av måneåret, dagen etter asalhapodja. Førstedagen av vassa blir feira gjennom gåvegjeving til lokale tempel. Dette kan vera eit festleg høve, som i den veldig lysfesten i Ubon Ratchathani i Thailand. Tida tek slutt med høgtida kathina, i Laos og Thailand også wan awk pansa/pavarana.

Skikken med å slå seg ned éin stad førte først til faste samlingsstader og seinare til opprettinga av faste buddhistkloster. Nokre retningar innan mahayana, som zen og tibetansk buddhisme, kan ha former for tilbaketrekking til andre tider enn vassa-tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "vassa" . A Dictionary of Buddhism. Ed. Damien Keown. Oxford University Press, 2003. Oxford Reference Online. 7. juli 2009