Vegbom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enkel trebom i Engadin i Sveits.
Ein kvit og raud automatisk bom sperrar vegen medan eit tog passerer i Frankrike.
Foto: Phillip Capper

Ein bom er ei stong eller eit stengsel i tre eller metall som sperrar ein veg (bomveg), inn- eller utkjørsel, ein jernbaneovergang eller eit ferjeleie.

Sett i system blir bommar i dag brukt til bomringar for innkrevjing av avgifter på parkeringsplassar eller bompengar til finansiering av veganlegg og utbygging av kollektive trafikktilbod.