Vegusdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vegusdal er ei bygd og ein tidlegare heradskommune i Aust-Agder. Heradet hadde ei flatevidd på 325,1 km2. Landskapet er prega av fleire større nord-sør-gåande elvar, så som Tovdalselva, Hovlandsdalsåna/Flatelandsåna, Engelsåna, Rettåna og Skreerosåna, som lagar større vatn. Kring vatna er store myrar med skogkledde åsar og nakne heiar. I alt er det kring 525 vatn i bygda. Berggrunnen er mest gneis, jorda er både sandblanda moldjord og myrjord. Høgste punktet på 660 moh ligg i nord, lågaste punktet er kring 140 moh.

Årsnedbøren er 1196 mm, middeltemperaturen 5,2.

Soga om Vegusdal herad[endre | endre wikiteksten]

Heradskommunen Vegusdal vart oppretta frå 1. januar 1877, og hadde då 935 innbyggarar. Tidlegare var bygda del av Evje herad. Vegusdal hadde i 1900 941 innbyggarar, det auka til 1051, før det byrja gå tilbake, i 1960 budde 695 menneske i heradet. Kommunen vart i 1967 slått saman med Birkenes og Herefoss til nye Birkenes kommune.

Kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Vegusdal kyrkje er frå 1867.

Folkenamn[endre | endre wikiteksten]

Ein person frå bygda er ein vegdøl.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 58°32′2″N 8°7′21″E