Tovdalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tovdalselva
Munning Topdalsfjorden
Lengd 143 km
Middelvassføring 65 m³/s
Nedslagsfelt 1800 km²

Tovdalselva (Topdalselva) er ei 143 km lang elv og den lengste elva på Sørlandet som framleis renn fritt heile vegen. Elva møter havet i Topdalsfjorden mellom Hamresanden og Kristiansand lufthamn, Kjevik. Ho er verna i forhold til Verneplan IV for vassdrag mot kraftutbygging frå Rjukanfossen (ikkje same foss som på Rjukan) i Åmli kommune og nordover. Gjennomsnittleg vassføring ved utløpet er 65 m³/s.

Elva har eit austleg og eit vestleg utspring som går saman i Herefossfjorden. Den austlege delen, Tovdalsgreina, er smal og langstrekt og har utspringet sitt i fjelltraktene mellom Valle i Aust-Agder og Fyresdal i Telemark. Øvre delar av vassdraget har mange innsjøar, med Straumsfjorden (757 moh.) som den største.

Den vestlege greina, Uldalsgreina, har tre tilførselselvar: Skjeggedalsåna, Vatnedalsåna og Hovlandsåna. Her er det òg ein kraftstasjon, Hanefossen kraftverk. Det er òg et mindre vasskraftverk i den nedre delen av elva.

Tovdalselva får òg tilførsel frå eit tredje, noko mindre sidevassdrag, med innsjøen Ogge i sentrum. Ogge har to utløp. Det største av desse er Rettåna, som går nordover til Uldalsgreina. Dikeelva renn ut i Flakksvann i Birkenes langt nede i vassdraget.

Nedslagsfeltet er om lag 1800 km² og det høgaste utspringet ligg på 1101 moh. Følgjande kommunar har delar av dette feltet: Fyresdal, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åmli, Froland, Grimstad, Birkenes, Iveland, Lillesand og Kristiansand.

Laksefiske[endre | endre wikiteksten]

Tovdalselva var lenge ei av de beste lakseelvane i landet. I åra 1880-83 var ho nummer tre i landet, rekna både etter vekt og verdi. Sur nedbør byrja å slå ut for Tovdalselva alt ved inngangen til 1900-talet. Omkring 1970 var laksebestanden i Tovdalselva tapt.

Det vart starta kalking i 1997, og dette har byrja å gje resultat for fiskebestanden. I 2003 vart det fanga om lag 300 kg laks. Dette er likevel særs lite i forhold til toppåra på 1880-talet då fangsten var over 12 tonn. Laksen kan i dag vandre opp til Herefossfjorden, ei strekning på om lag 45 km. Tidlegare gjekk han noko høgare, til Storefoss ovanfor Gauslåfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]