Vemork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vemork kraftstasjon, teikna av arkitekt Olaf Nordhagen

Vemork er eit område i Tinn kommune, nær Rjukan. I 1906 starta Norsk Hydro bygging av eit stor vasskraftverk på Vemork. Kraftverket Rjukan I stod ferdig i 1911 og var då det største vasskraftverket i verda. Elektrisk kraft la grunnlaget for oppbygging av store industrianlegg. Kunstgjødsel vart produsert. Framom kraftverket vart det bygd eit fabrikkbygg, der det vart gjort ymse forsking. Mellom anna vart det utvikla metodar for å produsera tungtvatn.

Under andre verdskrig organiserte SOE den såkalla tungtvassaksjonen (eller Vemork-aksjonen) for å hindra produksjon av tungtvatn. Ein trudde at tungtvatnet kunne gje grunnlag for framstilling av ei atombombe.

Norsk Industriarbeidermuseum har i dag hovudsete i kraftstasjonsbygget. Utstillingane i museet fokuserer på historia knytt til tungtvassaksjonen. Eit anna hovudelement er historia til norsk arbeidarrørsle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]