Tinn kommune
| Tinn kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0826 |
| Fylke | Telemark |
| Adm.senter | Rjukan |
| Areal | 2 062 km² |
| Folkemengd | 5 993 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Steinar Bergsland (H) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.tinn.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Tinn kommune på Commons | |
Tinn er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord mot Nore og Uvdal, i aust mot Rollag og Flesberg kommune, i sør mot Notodden, Hjartdal og Seljord kommune, og i vest mot Vinje kommune.
Tinn kommune strekkjer seg langt inn på Hardangervidda. Kjende stadar i Tinn er Gaustatoppen 1 883 moh. Årleg går 30 000 menneske til toppen av fjellet. Ein reknar med at på klåre dagar kan sjå omlag 1/6 av Sør-Noreg frå toppen. i 2004 byrja ei storstilt utbygging ved Gaustatoppen til ein stor vintersportsstad.
Krossobanen er den fyrste kabelbanen i Nord-Europa. Han vart bygd i 1928 som ei gåve frå Norsk Hydro.
Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork fortel historia om industriutbygging bygd på vasskraft. Rjukanfossen var grunnlaget for Vemork, den største kraftstasjonen i verda i 1911. Stasjonen har no vorte eit museum der ein kan oppleva det fantastiske energieventyret og sjå utstillingar om industriutviklinga i Noreg og på Rjukan.
Museet er kanskje mest kjend for sin presentasjon av Rjukan sin krigshistorie. På Vemork fann ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonar under den andre verdskrigen stad, då norske sabotørar hindra tyskarane i å utvikla atomvåpen av tungtvatnet som vart produsert her. Utstillinga "Atomkappløpet" gjev ein presentasjon av dei fire tungtvassaksjonane og dei allierte sine forsøk på å utvikla ei atombombe. I filmrommet vert filmen "If Hitler had the bomb" vist - ein dokumentar om tungtvassabotasjen.
Innhaldsliste |
Kjende personar frå Tinn kommune [endre]
- Gunnar Sønsteby, motstandsmann
- Aasne Linnestå, forfattar
Bakgrunnsstoff [endre]
Sjå òg [endre]
- Metallet Tinn
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Telemark | ||
|---|---|---|
| Bamble · Bø · Drangedal · Fyresdal · Hjartdal · Kragerø · Kviteseid · Nissedal · Nome · Notodden · Porsgrunn · Sauherad · Seljord · Siljan · Skien · Tinn · Tokke · Vinje | ||