Verdde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdde er ein gamal tradisjon i Finnmark, som går ut på å bytte varer og tenester mellom dei fastbuande sjøsamane og reindriftsamane som budde i sommarhalvåret i bygda, med reinflokkane sine som var på sommarbeite ute ved kysten[1]. På samisk vert dette kalla for «verddevuohta», som kan setjast om til «ven» eller «gjesteven» og dei kalla kvarandre for «verdde». Med moderniseringa av samfunnet, ikkje minst innan reindrifta, forsvann ein del av denne tradisjonen. Byttehandeltenestene som det hadde vore tradisjon for i generasjonar vart det mindre av, noko som også forsterka konfliktnivået mellom fastbuande og reindriftsutøvarane i området.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Novikova, K. og Nystad, M.E., Samisk tradisjon i ny drakt: – Viktig å bevare verdde-forholdet, nrk.no, 13/8-2016.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.