Vibrasjonsgalvanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vibrasjonsgalvanometer er eit instrument til måling av vekselstraum, som regel brukt som nullinstrument. Vibrasjonsgalvanometeret er i prinsippet eit likestraumsgalvanometer med eit rørleg system som er elastisk opphengt og kan svinge i takt med den vekselstraumen som skal målast. Systemet kjem då i resonans og gjev store utslag.

I nålvibrasjonsgalvanometeret er det svingande systemet eit jernstykke («nål») som er opphengt i elastiske band eller trådar mellom polane på ein magnet og kan utføre torsjonssvingingar. I dreiespolevibrasjonsgalvanometeret er det svingande systemet ein spole som i eit vanleg galvanometer, opphengt i band så han kan svinge. Ved stramming av opphengingstrådane kan eigenfrekvensen til systemet førast til resonans med vekselstraumen og kjensla blir dermed stilt på eit maksimum. Vibrasjonsgalvanometeret har den fordelen at det berre reagerer på éin frekvens og er dermed selektivt. Ein har bygd instrument for opptil 3000 hertz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]