Victoria på Seychellane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Port Victoria
Klokketårnet sentralt i Victoria

Victoria (òg kalla Port Victoria eller Mahé) er hovudstadenSeychellane og ligg nordaust på øya Mahé. Byen vart først oppretta som sete for det britiske kolonistyret. Folketalet er 24 970 (2002), om lag ein tredel av det totale folketalet på Seychellane. Flyplassen heiter Seychelles International Airport (fullført i 1971).

Dei fremste eksportvarene til Victoria er vanilje, kokosnøtter, kokosolje, skjelpaddeskjel, såpe og guano.

Turistattraksjonar i byen er mellom anna eit klokketårn bygd som etterlikning av det på Vauxhall Bridge i London, tinghuset, Victoria botaniske hage, Victoria nasjonale historiske museum, Victoria naturhistoriske museum og Sir Selwyn Selwyn-Clarke-marknaden. I byen ligg og nasjonalstadionet og eit polyteknisk institutt. Rett aust for byen ligg den indre hamna, der tunfisk-fiske og hermetisering er ein stor lokal industri. Ei av dei største bruene i Victoria vart øydelagd av jordskjelvet i Indiahavet 2004.

Stor-Victoria omfattar åtte av dei 25 distrikta på Seychellane:

  • La Riviere Anglaise (English River)
  • Mont Buxton
  • Saint Louis
  • Bel Air
  • Mont Fleuri
  • Roche Caiman
  • Les Mamelles
  • Plaisance