Videha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Videha er eit gammalt kongerike i Sør-Asia som fanst på den nordre Gangessletta i tidleg vedisk tid, som tok til rundt 1500 f.Kr. Det blei også kalla Mithila etter hovudstaden sin, som i dag er rekna for å vera Janakpur sør i Nepal.

Herskarslekta i Videha heitte Djanaka. Landet er kjend frå hinduisk mytologi som fødestaden til prinsessa Sita. Sita er også kjend under namna (D)janaki, 'djanakadotter', og Vaidehi, 'frå Videha'.

Samtidige, tilstøytande kongerike til Videha var Anga i aust, Magadha i sør, og seinare Vaisali. Videha og Vaisali blei samla i Vadji-republikken rundt 700 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]