Sita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shinta (Sita) under ei danseframføring av Ramayana ved Prambanan-tempelet på Java.
Foto: Maria Ismawi
Statuar av Rama, Laksjmana og Sita (til høgre) med knelande Hanuman framfor, ved Nammavalli i Tirumala.
Foto: Bryan Allison

Sita (hindi सीता [sītā], lytte , dvs. plogfòra) er ei hindugudinne, gift med Rama, og rekna som ein inkarnasjon av Laksjmi ettersom Rama er rekna som ein avatar av Visjnu. Sita er også kjend under fleire andre namn, som Djanaki (Janaki), Maithili og Vaidehi, og namneformer, som Sidai og Shinta. Ho blir tilbeden i tempel og framstilt innan biletkunst og skulptur, som oftast saman med Rama og gjerne også med broren hans Laksjmana og apeguden Hanuman.

Sita er ein sentral person i legendeverket Ramayana, der ho blir bortført av demonkongen Ravana, vunnen tilbake av Rama, men deretter, i nokre versjonar av soga, støytt bort av Rama igjen. Sita er heilt vigd mannen sin, ho følgjer han i eksil i jungelen og held ut fangenskapet hjå demonane for han. Ho blir ofte presentert som ei ideell kvinne og kone i hinduismen, men er i nyare tid blitt kritisert som førebilete av feministar, som meiner ho er alt for veik og sjølvutslettande.

Mytologisk liv[endre | endre wikiteksten]

Som med dei fleste andre mytologiske figurar er det knytt fleire forskjellige forteljingar til Sita. Ulike versjonar av Ramayana og diverse hinduiske dikt og soger gjev henne til dømes ulike opphav og svært ulike endelikt.

Hovudtrekk[endre | endre wikiteksten]

Sita og Rama under ei indisk danseoppvising.
Foto: Pete Birkinshaw

Sita voks opp som (foster)dotter av kong Djanaka av Mithila (Videha) og kona Sunayana. Då ho var gifteklar blei det halde ein swayamwara, ein seremoni der beilarar konkurrerte om handa hennar. Rama, prinsen av Ayodhya, peika seg ut ved å vera den einaste som kunne løfta og spenna den guddomelege bogen sjiv dhanusj. Dei to blei gifte og flytta til Ayodhya.

Ei tid seinare førte renkesmiing ved hoffet til at Rama måtte dra i eksil i fjorten år. Broren Laksjmana og Sita blei med, og dei slo seg ned i skogen Dandakaranya. I skogen fanst mange farar, i form av raksjasa, eller mektige demonar. Fleire av dei slo seg saman slik at demonkongen Ravana kunne bortføra Sita.

Rama leita etter Sita i fleire år, og klarte til slutt å spora henne til demonriket Lanka på andre sida av havet. I ein stor krig nedkjempa han Ravana og folka hans, og vann Sita tilbake. For å visa at ho alltid hadde vore tru mot Rama gjekk Sita gjennom eld utan å bli skada. Leitinga etter Sita og eksilet til Rama var over, og dei drog tilbake til Ayodhya der dei blei krona som herskarar. I mange versjonar sluttar soga her; i andre blir Sita seinare send vekk igjen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sita blir ofte kalla inkarnasjonen av gudinna Laksjmi, kona til Visjnu. I ein tibetansk tradisjon er ho ein inkarnasjon av gudinna Uma, kona til Sjiva, som har sverga at ho skal få bukt med den vonde demonen Ravana. Det blir også sagt at ho er ei tidlegare heilag kvinne (Vedavati eller Manivati) som blei skjenda av Ravana, og som blei gjenfødd for å få hemn over han. Det same blir sagt om kona til himmelguden Indra, Sudjata, og ei himmelnymfe.

Eit vanleg motiv i sogene er at Sita blei funnen i ei plogfure som nyfødd. Ho blir difor ofte rekna som dotter til Bhudevi, Moder Jord. Det blir også fortald at ho blei funnen i ei korg som kom flytande på vatnet eller som var graven ned i jorda. I Valmiki-Ramayana dukkar ho på underleg vis opp då barnlause kong Djanaka pløyer eit jorde for å klargjera det for eit rituale der han skal be om eit barn. Ei forklaring seier at ho er dotter av himmelnymfa Menaka og andeleg dotter av Djanaka, som bad om henne.[1] I nokre versjonar er ho ganske enkelt barnet til Djanaka.[2]

Det finst òg fleire mindre kjende, men vidspreidde tradisjonar som fortel at Sita eigentleg var dottera til Ravana. Ein versjon frå Karnataka seier at Ravana sjølv fødde dottera etter at han åt ei frukt som var meint å gjera kona hans, Mandodari, svanger. Andre soger, frå til dømes Kashmir, Kerala, Indonesia og Thailand, fortel at Mandodari fødde barnet som så blei gøymd eller forsøkt drukna fordi horoskopet hennar eller ein annan spådom sa at dottera skulle føra til endeliktet for Ravana. I Ksjemendra-diktet frå 1000-talet er det Mandodari som tek til seg Sita, som stig opp av havet på ein lotusblome, men sender henne bort i ei korg då ein vismann spår at Ravana skal bli forelska i henne.[3]

Bortføring[endre | endre wikiteksten]

Ravana drep Djataju. Måleri av Ravi Varma.

Sita blei teken med lureri og makt. Ei vanleg skildring er at demonen Maritsja tok form av ein sjeldan gylden hjort som Rama sprang etter fordi Sita ville ha han. Deretter blei Laksjmana lurt bort av stemmen til Rama som ropte om hjelp, men også dette stod Maritsja bak. Medan ho var åleine kom Ravana forkledd som ein tiggande sadhu og fekk Sita til å trø ut av ein vernande sirkel då ho skulle gje han mat.

Ørna Djataju var vitne til bortføringa og prøvde å stogga henne, men blei nedkjempa. Før han døydde fekk han likevel skildra bortføringa til Rama og Laksjmana då dei kom tilbake. Også Sita gjorde sitt for å gje teikn; ho kasta smykkene sine ned på bakken medan ho blei flogen bort gjennom lufta for å gje ektemaken spor å følgja.

Fangenskap[endre | endre wikiteksten]

Medan Sita var fanga blei ho truga av Ravana om å gje seg til han, og plaga av dei demonske undersåttane hans. Ho heldt fast ved kjærleiken sin til Rama og nekta å ha det minste med Ravana å gjera. Mellom anna blir det fortald at ho budde i slottshagen fordi ho nekta å sova under hans tak.

Funn[endre | endre wikiteksten]

Hanuman finn Sita. Frå ei balinesisk danseoppvising.

Då Rama kom fram til havet som skilde Lanka frå fastlandet, sende han apen Hanuman over som speidar. Sita var no anten truga på livet av Ravana, eller tenkte på å ta sitt eige liv for å sleppa unna demonen. Apen bar med seg ringen til Rama for å visa kven som hadde sendt han, og fekk med seg hovudsmykket til Sita tilbake som prov på at ho verkeleg var på Lanka. Ho nekta å setja seg på ryggen hans og flykta som ein tjuv, men sa ho ville venta til Rama sjølv kom og befridde henne.

I ein veldig krig sigra Rama og hjelparane hans over demonane. Sita blei sett fri, men etter år blant demonane tvilte Rama på at ho hadde klart å halda seg kysk. I nokre versjonar bad han henne forlata han, eller gå gjennom eldprøven Agni pariksja for å visa at ho fortsatt var rein. I andre versjonar kasta Sita seg på flammane i sinne over å bli mistrudd. Eldguden Agni gjekk god for reinleiken hennar, anten ved a flammane blir til blomar, ved at Agni sjølv bar henne ut av flammane, eller ved at eldguden kjem farande ut av dei fordi Sita sin karpu var så brennande sterk at han sjølv blei brend.

Epilog[endre | endre wikiteksten]

I nokre utgåver har Ramayana ein trist slutt. Rama sende henne frå seg fordi han eller folket hans endå ikkje var overtydde om at Sita er rein og kysk slik det høvde seg ei dronning. Laksjmana tok henne derfor med seg ut i skogen og forlet henne, men ho blei teken vare på av vismannen Valmiki, og fødde tvillingsønene til Rama, Lava og Kusja, hjå han. Som ungdommar trefte gutane faren sin igjen, og Rama tok dei til seg. Men då han bad Sita om å sverja på at ho hadde vore tru, eller i nokre høve utføra flammeprøven en gong til, for at han skulle ta henne tilbake, nekta Sita. Ho bad Moder Jord om å ta imot henne om det var slik at Rama alltid har vore først i tankane hennar. Då opna jorda seg opp og Sita, omfamna av Bhudevi, forsvann.

Syn på Sita[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Ravi Varma der Rama vinn Sita ved å spenna den heilage bogen. Rama, Djanaka og ein brahmin er hovudpersonar i biletet medan Sita sjølv ser på frå bakgrunnen.

Rama og Sita er blitt sette fram som den ideelle mannen og kvinna, både i tekstane om dei og i tolkingar. Dette kan vera vanskeleg å godta ut frå eit moderne, frigjort kvinnesyn. Sita har ein passiv rolle i store delar av soga; ho «let» seg bortførast, haldast fanga og nedverdigast etter frigjeringa. Er det hinduisitiske kvinneidealet ei som kan hundsast utan å ta til motmæle?

Eit vanleg hinduiisk forsvar er å seia at Sita slett ikkje var veik eller passiv. Som gudinne valde ho å ta menneskeform og å ikkje bruka den veldige makta si mot Ravana. Som kvinne heldt ho fast på trua til Rama i mange år, og let seg ikkje frista til å tvila på han, eller lokkast av kongen av Lanka. Etter fangenskapet viste ho styrken sin ved å overvinna elden, og i nokre tilfelle at ho hadde den moralske retten ved å skjella ut Rama for mistrua hans. I epilogen, kjend som Uttar Ramayana, let ho jorda svelga seg i staden for å audmjukast. Ei anna innvending er at visse delar ikkje høyrer heime i det heilage eposet, men er blitt sette inn av seinare, mindre heilage hender. Dette gjeld særleg Uttar Ramayana.

Sita-statue i Sitamarhi.
Foto: Bala Subs

Den guddomelege sida ved Sita er òg blitt lagt meir vekt på. Ei rørsle innan hinduismen, starta av Ramananda på 1400-talet, ser på Sita og Rama som del av same guddom der Sita står for krafta til guddomen.[4] Den seinare Ramyana-diktaren Tulsidas endra mange delar av forteljinga, og forklarte mellom anna bortføringa av gudinna Sita med at det ikkje var henne, men Maya-Sita, ein illusjon eller kopi, som blei teken av Ravana. Den ekte Sita var gøymd under leitinga og kriginga, og kom fram etter at illusjonen brende opp under «eldprøven».

Sita i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Merke etter Sita sin sari i berggrunnen i Parnashala, markert med heilag raudt pulver.
Foto: Vimal Kalyan

Sita har gjeve namn og inspirasjon til kunst, stader og ting, som den søte sitafrukta og orkideen Rhynchostylis retusa (Sita-pusjpa, Sitale eller Sita-dande). Ho har ei viktig rolle i dans- og dramatadisjonar rundt heile Det indiske havet, frå Indonesia til Kambodsja. Her kan ein også finna skulpturar og andre kunstverk som viser henne.

I tillegg til dei mange templa til Rama og Sita har talrike stader i Sør-Asia namn og minne etter Sita. Spesielt utbreidd er Sita rasoi, eller Sita sitt kjøkken, som både finst i store tempelkompleks i til dømes Ayodhya og Chitrakur, og i små landsbyar.[5]

I Janakpur i Nepal skal vera den gamle Mithila, fødebyen til Sita. Her finn ein Janaki Mandir, eit tempel vigd gudinna, og byen er ein viktig pilegrimsstad for hinduar.

Ein dyrkar varme kjelder, som Thenari i Palakkad i Kerala, skapt av Rama for å sløkka tørsten til Sita, eller Sita Kund i Bihar, varma opp etter at Sita kjølte seg ned der etter eldprøven. Ved ein annan Seetharkundu ved ein foss i Palakkad skal Sita ha utført religiøse rituale.

Merke sette av Sita i berggrunnen finn ein mellom anna i Manpathar ved Munger i Bihar, der ein finn to fotavtrykk Sita sette etter å ha kryssa Ganga, og Parnashala nær Bhadrachalam i Andhra Pradesh, der ein finn eit avtrykk sarien laga då ho blei bortført av Ravana.

Over heile Sri Lanka finn ein stader der Sita skal ha vore, til dømes Sita Eliya, ‘Sita-fjellet’, nær Nuwara Eliya, der ho skal ha bedd og det er bygd eit tempel spesielt vigd henne, Sita-kunt, ‘Sita-dammen’ der ho ein gong gøymde seg under jorda frå Ravana, og Sita-ela, ‘Sita-elva’, som blei laga då Lanka brann og kaldt vatn ved eit under heldt henne trygg. Ei anna elv blir kalla Sita Ganga fordi Sita skal ha bada der; men ei anna forklaring på namnet kan vera at vatnet er kaldt (sitalai).[6]

Fleire stader gjer krav på å ha husa vismannen Valmiki og Sita då ho fødde sønene sine: Balmiki Ashram ved Narayani-elva i Nepal, Bithoor ved Ganga i Uttar Pradesh, og Amritsar i Punjab.

Vesten[endre | endre wikiteksten]

Sita. Måleri av Odilon Redon frå rundt 1893.

Sita har inspirert fleire vestlege kunstverk, som biletkunst av Odilon Redon og operaen Sita (1899–1906) av Gustav Holst.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Sanskritnamnet Sita har fått ulik utforming på andre språk, som Sidaitamil og Shintaindonesisk.

Som dei fleste andre viktige hinduiske figurar er Sita også kjend under fleire andre namn. Det mest brukte er Sita, som betyr ‘fure’, og viser til plogfura ho blei funnen i. Andre namn som viser til denne hendinga er Ajanma, ‘ikkje fødd’, Ayonidja, ‘ikkje fødd av skjede’ og Dharaputri, ‘jord-dotter’.[7] Som dotter til Djanaka blei ho kalla Djanaki, best kjend under skrivemåten Janaki. Sidan faren også var konge av Videha og blei kalla med same namnet, var ho også kjend som Vaidehi, og som prinsesse frå Mithila er ho kjend som Maithili.

‘Sita’ er eit gammalt omgrep i indisk dikting som viser til grøde. Det blir mellom anna brukt éin gong i Rigveda om ei gammal vedisk gudinne. Heltinna Sita kan også ha namn etter henne.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sita er eit populært jentenamn blant hinduar, og kan i visse kombinasjonar også vera eit gutenamn. I moderne tid er asteroiden 244 Sita kalla opp etter gudinna.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kvinner

Menn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I den bengalske versjonen av Valmiki-Ramayana og Ramayana-Manjari etter Ksjemendra
  2. I Mahabharata og djain-skrifta Paumacariya
  3. S. Singaravelu: Sita's Birth and Parentage in the Rama Story. Asian Folklore Studies, Vol. 41, No. 2. (1982), pp. 235-243.
  4. http://philtar.ucsm.ac.uk/encyclopedia/hindu/devot/ramav.html
  5. Phyllis K. Herman: SITING THE POWER OF THE GODDESS: SITA RASOI SHRINES IN MODERN INDIA
  6. http://www.travelsrilanka.com/index.cfm?PAGE=559
  7. «Sita» i Banglapedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sita