Vimmerby kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vimmerby kommun
Vimmerby vapen.svg
Kommunevåpenet til Vimmerby kommun
Len Kalmar län
Landskap Småland
Areal 1 219,8 km²
 – Landareal 1 140,23 km²
 – Vassareal 79,57 km²
Folketal 15 408
Kommunenummer 0884
Kart
Vimmerby Municipality in Kalmar County.png

Vimmerby kommune ligg i det svenske lenet (fylket) Kalmar län i landskapet Småland. Administrasjonssenter i kommunen er Vimmerby.

Kommunen ligg i den nordvestre delen av lenet og har ei stor turistnæring på grunn av Astrid Lindgrens Värld som trekkjer til seg fleire hundretusen vitjande kvart år. Vimmerby kommune grensar til Västervik kommune i aust, Oskarshamn kommune i søraust, Hultsfred kommune i sør, Eksjö kommune i sørvest, Ydre kommune i vest og Kinda kommune i nord.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Ved kommunereforma i Sverige i 1952 vart følgjande storkommunar danna:

  • Sevede av kommunane Frödinge, Rumskulla, Pelarne og Vimmerby landkommune
  • Södra Vi av Djursdala og Södra Vi
  • Tuna av Tuna
  • Locknevi av Blackstad og Locknevi
  • Vimmerby by vart verande uendra

Vimmerby kommune vart danna 1. januar 1971 gjennom samanslåing av byen Vimmerby og kommunane Sevede, Södra Vi og Tuna, samt Locknevi forsamling frå den oppløyste Locknevi landkommune.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Vimmerby kommune har åtte tettstader. Tabellen med innbyggjarar per 31. desember 2006. Kommunens administrasjonssenter i feit stil.

# Tettstad Innbyggjarar
1 Vimmerby 7 866
2 Södra Vi 1 182
3 Storebro 974
4 Gullringen 567
5 Frödinge 379
6 Djursdala 243
7 Tuna 240
8 Rumskulla 200

Kjelder[endre | endre wikiteksten]