Vindsnøggleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symbol wind speed 00.svg
stille (0–2 knop)
Symbol wind speed 01.svg
3–7 knop
Symbol wind speed 02.svg
8–12 knop
Symbol wind speed 03.svg
13–17 knop
Symbol wind speed 04.svg
18–22 knop
Symbol wind speed 05.svg
23–27 knop
Symbol wind speed 06.svg
28–32 knop
Symbol wind speed 07.svg
33–37 knop
Symbol wind speed 08.svg
38–42 knop
Symbol wind speed 09.svg
43–47 knop
Symbol wind speed 10.svg
48–52 knop
Symbol wind speed 11.svg
53–57 knop
Symbol wind speed 12.svg
58–62 knop
Symbol wind speed 13.svg
63–67 knop
Symbol wind speed 14.svg
98–102 knop
Symbol wind speed 15.svg
102–107 knop

Vindsnøggleik er snøggleiken til luftrørsle relativt til eit fast punkt på jorda. Ein snakkar derimot om vind når lufta flyttar seg frå ein stad til ein annan.

Vindsnøggleik er viktig innan mange område som vêrvarsling, luftfart, maritime operasjonar, bygningar og byggeteknikk. Stor vindsnøggleik kan få alvorlege konsekvensar, og kraftig vind har ofte spesielle namn som storm, orkan eller tyfon. Sjå òg Beaufortskalaen.

Vindsnøggleik kan målast med fleire apparat. Eit anemometer har ein propell med koppar som roterer når vinden bles på dei. Snøggleiken propellen roterar med er vindsnøggleiken. Dette apparatet har eksistert i hundrevis av år.

Matematisk[endre | endre wikiteksten]

Teknisk sett er vindsnøggleik gjeve ved

|\mathbf{v}|=\sqrt{u^2+v^2+w^2},

der u, v og w er sonal, meridional og vertikal komponent av vindsnøggleiken. I dei fleste tilfelle kan ein sjå bort i frå den vertikale komponenten, sidan den er mykje mindre enn dei horisontale komponentane. Unntak er til dømes vertikale luftstraumar i cumulusskyer.


Faktorar som påverkar vindsnøggleiken[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire faktorar frå liten til stor skala som kan påverke vindsnøggleiken. Desse inkluderer trykkgradient, rossbybølgjer, jetstraumar og lokale vêrforhold.

Trykkgradient er eit uttrykk som skildrar skilnaden i lufttrykket mellom to punkt i atmosfæren eller på overflata. Dette er ein svært viktig og dominerande faktor for vindsnøggleiken, for jo større skilnaden i trykket er mellom to faste punkt, jo kraftigare er vinden. Trykkgradient i lag med corioliskrafta og friksjon påverkar òg vindretninga.

Rossbybølgjer er storskala bølgjer i vindmønsteret i den øvre delen av troposfæren. Desse bølgjene har global skala og flyttar seg frå vest mot aust, og styrer med det vestavinden på våre breiddegrader.

Lokale vêrforhold spelar ei viktig rolle for vindsnøggleiken. Forskjellige typar syklonar som ekstratropiske eller tropiske syklonar og til dømes monsunen kan i svært stor grad styre vindsnøggleiken.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vindsnøggleik