Vingummi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bassett's vingummi

Vingummi er ein type godteri. Det består av mange små bitar som kjem i forskjellige smakar, fargar og fasongar. Vingummigodteri kan både vere mjuk og litt hardare, men aldri så hardt at dei ikkje kan tyggast.

Vingummi vert laga av sukker, vatn, gelatin og sitronsyre. Farge og smak blir tilsett mot slutten av prosessen, og vingummimassen treng eit døgn eller to på å stivne etter at bitane er støypte. På tross av namnet er det ikkje vin eller anna alkohol i vingummi.[1]

Nokre kjende vingummivaremerke i sal i Noreg er britiske Bassett's (ein del av Mondelēz International), tyske Haribo og danske BonBon.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lotus, Sumo (1996). Drops-kokeboken. Termer. s. 55-57.