Vladimir Jasjtsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Jasjtsjenko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 12. januar 1959
Zaporizjzjia
Død

30. november 1999 (40 år)
Zaporizjzjia

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Iljitsj Jasjtsjenko [a] (12. januar 195911. desember 1999) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Zaporizjzja. Han deltok i høgdehopp og vart europameister i øvinga i 1978. Jasjtsjenko var den siste verdsrekordhaldaren med dykkstil.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jasjtsjenko sette tre verdsrekordar i høgdehopp. Fyrste gongen 18 år gammel under ein landskamp mellom Sovjetunionen og USA den 2. juni 1977 i Richmond i Virginia. Han forbetra då verdsrekorden til 2,33 m, ein centimeter den årsgamle rekorden til USA-amerikanaren Dwight Stones.

Den 12. mars 1978 under innandørs-EM hoppa Jasjtsjenko ny innandørs-verdsrekord med 2,33 m, før han så også gjekk over 2,35 m. Om sommaren, 16. juni i Tblisi, forbetra han utandørsrekorden til 2,34 m. I byrjinga av september vart han europameister ved å vinne høgdefinalen i Praha med ny meisterskapsrekord 2,30 m, framom landsmannen Aleksandr Grigorjev og austtyske Rolf Beilschmidt, begge 2,28 m.

Vinteren 1979 vart Jasjtsjenko operert i hoppkneet sitt, noko som leia til ei rad nye operasjonar som aldri lukkast betre på skaden. Hans tid som aktiv idrettsmann var dermed over i ein alder av 20 år.

Han døydde 40 år gammal av levercirrhose, etter stort inntak av alkohol gjennom mange år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje i høgdehopp – 2,30 m, framom Aleksandr Grigorjev (2,28 m)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Владимир Ильич Ященко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]