Vladimir Oravsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vladimir Oravsky (fødd 22. januar 1947) er ein svensk forfattar, manusforfattar, omsetjar og iscenesetjar fødd i Bratislava. Han skriv og iscenesett òg under andre namn, som Vlado Oravsky, Vladimir Aurum Oravsky, Vladimir Aurum och Zlata Ibrahimovic.

Oravsky er forfattar av barne- og ungdomsbøker, teaterstykke og filmmanuskript. Han skriv ofte saman med medarbeidarar; og har samarbeidd med mellom andre danskane Kurt Peter Larsen, Lars von Trier og Jakob Stegelmann, og svenskane Daniel Malmén og Michael Segerström.

Oravsky har sett i scene og produsert om lag ti teaterstykke og fleire opplysings- og reklamefilmar og musikkvideo. Han har òg teke del i nasjonale og internasjonale juryar på det kunstnariske feltet, og skriv i fleire skandinaviske aviser og tidsskrift.

Før Oravsky vart heiltidsforfattar, livberga han seg med ymse arbeid i Sverige, Danmark, Sveits, Thailand og Sambandsstatane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]