Volleyball
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volleyball er ein ballidrett med seks spelarar på bana for kvart lag. Spelarane roterer rundt på bana slik at alle kjem på dei ulike posisjonane på sin banehalvdel undervegs i spelet. Bana er delt i to med eit nett på midten. Nettet har ei høgde på 2,43 meter for menn, og 2,24 meter for kvinner. Kvar banehalvdel er 9·9 meter.
Målet i spelet er å vinna flest mogleg poeng ved å slå ballen ned på motstandaren si banehalvdel. Kvart lag kan berre vera borti ballen tre gonger før den må sendast over nettet.
Kampane blir spela med 5 sett (à 25 poeng) kor laget med flest settsigrar har vunne.
Ordforklaringar [endre]
- Serve: Starten på ei ballveksling. Ein spelar frå laget som vann siste ballveksling sett i gang ved å slå ballen over nettet frå laget si baklinje.
- Baggerslag: Mottaksslag der ein bruker underarmane.
- Fingerslag: Slag der fjøringa i fingertuppane gjev spelaren eit mykje presist slag.
- Smash: Hardt angrepsslag over hovudet.
- Dipp: Svakt slag som gjev ballen ein kort bane.
- 3-meter: Angrep frå bakspelar som må satse bak 3-meter-linja.
- Sett: Ein omgang i spelet. Laget vinn settet ved å komme først til 25 poeng med 2 poeng forsprang.
- Timeout: Taktisk pause på 30 sekund. Kvart lag kan ta to time-outar per sett.
- Legger: Spelar som har som hovudoppgåve å legga opp ballar som kan slåast hardt ned på motstandaren si side.
- Center: Spelar som angrip på mykje snøgge ballvekslingar.
- Kantspelar: Spelar som slår på (venstre)kant, normalt hovudangriparen på eit lag.
- Diagonal: Spelar som står diagonalt i forhold til legger, spesialist på å angripa 3-meter.
- Libero: Spesialisert forsvarsspelar som kan byta fritt med bakspelarar. Kan ikkje angripe eller legge med fingerslag framfor 3-meter-linja.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- volleyball.no: Offisiell nettstad åt Norges volleyballforbund
- volley.uib.no: BSI - Bergens Studentenes Idrettslag volleyball