Hopp til innhald

Vomp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vomp, med grenda Vomperberg oppe i bakgrunnen

Vomp er ein kommune i distriktet Schwaz i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 182,4 km² og 5 000 ibuarar. Landsbyen Vomp ligg i Unterinntal, 563 meter over havet og i kring 30 km aust om Innsbruck. Kommunen strekker seg frå elva Inn i sør, over fjellområdet Karwendelgebirge med naturparken «Alpenpark Karwendel» til statsgrensa mot Tyskland i nord.

Kommunen omfattar sju landsbyar og grender. Omframt sjølve Vomp («Dorf») er det Vomp-Talboden, Fiecht, Vomperberg, Altmahd/Pirchat, Innhöfe, Hinterriß og Eng im Karwendel. Dei to sistnemnde har ikkje vegsamband med resten av kommunen, for å kome dit må ein køyre frå delstaten Bayern i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]