Inn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 48°34′22″N 13°28′43″E
Inn
elv
none  Inn renn gjennom Innsbruck
Inn renn gjennom Innsbruck
Land Flag of Austria.svg Austerrike, Flag of Germany.svg Tyskland Flag of Switzerland.svg Sveits
Kjelde Dei sveitsiske Alpane
 - stad Lägh dal Lunghin
 - høgd 2 484 moh
Munning Donau
 - stad Passau
 - koordinatar 48°34′22″N 13°28′43″E
Lengd 517 km
Nedslagsfelt 25 700 km²
Vassføring
 - middel 730 /s
Verlaufskarte Inn DE.png
Wikimedia Commons: Inn River

Inn (retoromansk En) er ei elv som renn gjennom Sveits, Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Donau frå høgre med ei lengd på 517 km. Det høgaste punktet i nedslagsfeltet hennar er Piz Bernina på 4049 moh.

Kjelda til elva ligg i Dei sveitsiske Alpane nær St. Moritz i Engadin-regionen. Elva får namnet sitt etter denne regionen, der elva er kalla En. Ho renn nordaustover og inn i Austerrike, og frå Landeck går ho austover gjennom den austerrikske delstaten Tyrol og delstatshovudstaden her, Innsbruck, før ho går over grensa til Bayern nær Kufstein.

I Bayern renn elva nordaustover og passerer landsbyane Rosenheim, Wasserburg am Inn og Waldkraiburg; før ho går austover gjennom Mühldorf og Neuötting. Her møter ho to større sideelver, Alz og Salzach.

Frå her til Donau dannar ho grensa mellom Tyskland (Bayern) og Austerrike (Oberösterreich), og her renn ho mellom anna igjennom Simbach, Braunau am Inn og Schärding.

Byen Passau er den siste Inn renn gjennom før ho når Donau (og det same gjer elva Ilz). Sjølv om Inn har større vassføring når dei renn saman i Passau, og at Inn får vatn frå Piz Bernina, det høgaste punktet i nedslagsfeltet til Donau, så vert Inn rekna som ei sideelv til Donau. Donau er derimot lengre, har større nedslagsfelt og har ein meir jamn straum.

Inndalen. Til høgre ligg inngangen til Zillerdalen.


Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]