Votivgåve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Votivskip frå Strandby Kirke i Farsø kommune i Danmark.

Ei votivgåve (eller eit votiv, av latin votum, «lovnad») er ein kunstgjenstand lova og gjeven til ei kyrkje eller ein guddom som takk for heling eller berging.

Votivgåver kan vere votivskip, votivbilete eller votivkyrkjer.

Kyrkjeskip ei gjerne gjevne som votivgåver etter berging frå farefulle sjøreiser, og heng i mange kyrkjer, kanskje spesielt i Noreg og Danmark. Votivbilete vert gjerne brukte som altartavler. Døme på votivkyrkjer er St. Thomaskyrkja i Vang i Valdres, ved fjellovergangen på Filefjell, og Flosta kyrkje i Moland, på eit farleg stykke av skipsleia.

Eit ikon av Aghia Paraskevi med votivgåver hengde på sida. Helgenen held ei plate med to augeeple, sidan ho skal ha gjeve blinde synet att. Votivgåva på sida framstiller òg augo; votivgåva er gjeven av nokon som bed om å berge synet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]