Wafd-partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wafd-partiet (arabisk al-Wafd al-Misri, 'den egyptiske delegasjonen') var det største politiske partiet i Egypt, og ofte i regjering, frå 1920-talet til det blei oppløyst i 1952, etter militærkuppet utørt av Nasser.

Historia[endre | endre wikiteksten]

I Egypt under britisk styre førte aukande nasjonalistiske kjensler til organiseringa av politiske parti og folkeopprør. Ein delegasjon (arabisk wafd) til fredskonferensen i Versailles i 1919, leia av Saad Zaghlul, fekk etter først å ha blitt nekta tilgang lagt fram kravet sitt om egyptisk sjølvstende, utan å få støtte.

I løpet av åra som følgde samtalte britiske styresmakter med egyptiske leiarar, inkludert Zaghlul, om sjølvstyre. I 1922 erklærte Storbritannia Egypt som eit sjølvstendig kongerike under noko britisk kontroll. Wafd-partiet blei oppretta i 1923 med Zaghlur som leiar, og fekk fleirtal ved den første folkerøystinga i 1924. Kong Fouad av Egypt nekta først å godkjenna ei Wafd-regjering, og i åra som følgde var partiet stadig i strid med kongen.

Mustafa an-Nahhas tok over som partileiar i 1927, og partiet fekk endeleg makta i 1929, men mista henne igjen under depresjonen. Sjølv om partiet i prinsippet var imot det britiske styret kom det til makta i 1941 med britisk støtte. Wafd mista makta i 1952, seks månader før Nasser avsette kongen og innførte diktatur i landet. Wafd og alle andre politiske parti blei oppløyst og forbodne.

I 1978 blei Det nye Wafd-partiet (Hizb al-Wafd al-Jadid) oppretta som ei vidareføring av det gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]