Politisk parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Politiske parti)
Gå til: navigering, søk

Eit politisk parti er ein organisasjon av menneske som har til dels likt syn i politiske spørsmål, og på den måten har nokonlunde sams oppfatting av korleis samfunnet bør organiserast. Målsetjinga med eit politisk parti er å øve innflyting på politiske avgjerder i samfunnet. Dei fleste norske partia vel å gjere dette gjennom å utdanne eigne medlemmer i politiske saker og stille til val i stortings-, fylkesstyre- og kommuneval. (Det finst unnatak; Akp har til dømes aldri stilt nokon representantar til val, utanom gjennom Raud Valallianse)

I Noreg byrja partia å vekse fram etter innføringa av parlamentarismen. Venstre er det eldste norske partiet, tett følgt av Høgre.

For at eit politisk parti skal kunne stille til Stortingsval i Noreg må det klare å samle inn 5 000 underskrifter for å verte registrert i Brønnøysundsregisteret.

Inndeling og kategorisering[endre | endre wikiteksten]

Høgre-/venstreaksen[endre | endre wikiteksten]

I europeisk tradisjon delar ein ofte politiske parti inn i ei høgre-/venstreakse, etter inndelinga av representantar i det franske parlamentet etter revolusjonen. Ein snakkar då om Høgresida, Venstresida og Sentrum. Tidlegare plasserte ein dei mest konservative på høgresida og dei mest radikale på venstresida, men etter som partia på venstresida fekk gjennomslag for sine reformer i Europa har aksa i stor grad gått over til å skilje mellom kva for idear som gjer seg gjeldande i partia.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Høgre-/venstreaksen er under stor debatt, og mange meiner at at aksa har spelt ut si rolle i å skildre den politiske landskapet etter at venstrepartia ikkje lenger var radikale, og høgrepartia i større og større grad ønskte endringar. Dette har ført til at aksebiletet har vorte utvida til å gjelde fleire dimensjonar enn det som går fram av namnet i seg sjølv.

Gjennom historia har ein sett at mange parti, når dei trekkjer seg so langt ut på høgre- eller venstresida at dei vert kategoriserte som ekstreme, ofte får likskapstrekk med parti heilt på andre sida av skalaen. Som historisk døme på det kan vi nemne dei to største anti-demokratiske retningane i Europa på 1900-talet, kommunismen og fascismen. I høgre-/venstreaksen vart kommunistane plasserte langt til venstre, medan fascistane vart plasserte langt til høgre, medan ein såg fleire store likskapstrekk mellom dei to i praktisk utførsel. Det mest tydelege likskapstrekket var mangelen på demokrati. (Teoriane i dei to retningane var klårt skilde frå kvarandre på dei fleste punkta, medan agiteringa og gjennomføringa trekte dei nærare kvarandre.)

For å bøte på problemet med at høgre- og venstresida møter kvarandre i ytterpunkta ser ein for seg ein sirkel der dei to sidene treffer kvarandre i begge endar.

Ismar og ideologiar[endre | endre wikiteksten]

Kategoriane høgre, sentrum og venstre vert igjen grovt inndelte i ismar, eller ideologiar. Skal ein dele inn grovt kan ein seie at ein, i europeisk tradisjon, finn sosialistar, kommunistar og sosialdemokratarvenstresida, liberalistar og konservativehøgresida, og dei partia som anten ikkje er tufta på grunnlag av ei viss isme eller tolkar ismen på ein måte som gjer at dei ikkje klårt kan definerast på den eine eller den andre sida i sentrum.

Historisk arbeidde partia som høyrde til venstresida for ei radikal endring av samfunnstilhøva for å likestille alle innbyggjarar i eit land (Dei hadde ofte utgangspunkt i den undertrykte arbeidarrørsla og sosialistiske ideologiar). Partia på høgresida representerte ofte kapitalismen og borgarskapen (dei vart difor kalla borgarlege) og var skeptiske til innføring av sosial trygging (som t.d. gratis legebehandling). Partia i Sentrum arbeidde (og arbeider i praksis framleis) tradisjonelt sett for ei form for kapitalisme med sosial trygging.

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Partifinansiering

Tradisjonelt har partia vore finansiert gjennom private gåver og andre inntektsbringande aktivitetar som lotteri, innsamlingar og medlemspengar. Med utbygginga av partibyråkratiet og profesjonalisering av politikken, har dei offentlege overføringane til partia auka, og utgjer no den største inntektskjelda for dei fleste partia. I 2006 blir det løyvd om lag 280 millionar kroner i støtte til partiorganisasjonane.

Politiske parti i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske politiske parti

Dei tradisjonelt dominerande partia[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt på venstresida[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt i Sentrum[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt på høgresida[endre | endre wikiteksten]